Johann Gutenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av Gutenberg, laga etter at han døydde.
Or Gutenberg-bibelen

Johannes Gensfleisch zur Laden zum Gutenberg (om lag 1398 - 3. februar 1468) var ein tysk metallarbeidar og oppfinnar, særleg kjend for utviklinga av boktrykkarkunsten i 1450-åra.

Han utvikla mellom anna ei metallegering for typar, oljebasert blekk, ei form ein kunne støypa typane i, og ei ny trykkepresse med utgangspunkt i ei vinpresse. Tradisjonen gjev Gutenberg æra av å ha innført trykking med einslege, støypte metallbokstavar i Europa, ein metode som var langt raskare og billigare enn trykking med heile, utskorne treplater. Den nye boktrykkarkunsten bana vegen for ei stor auke av skrifter i omløp, og byrja ein informasjonsrevolusjon i renessanseeuropa.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Gutenberg var fødd i Mainz som son til kjøpmannen Friele Gensfleisch zur Laden, som tok etternamnet «zum Gutenberg» etter nabolaget familien flytta inn i. Rundt 1430 reiste han frå Tyskland til Frankrike, og byrja der å prøva seg fram med bokstavtypar i metall som kunne brukast fleire gonger. Med støtte frå den pengesterke Johann Fust utvikla han den nye oppfinninga si.

Det første Gutenberg trykte, var avlatssetlar, som blei selde av kyrkja til dei som ønska avlat for syndene sine. Deretter laga han nokre utgåver av Ars Minor, ein del av ei lærebok i latin, første gongen i 1451 eller 1452. Den første masseproduserte boka hans var Bibelen, som Gutenberg trykte første gong i februar 1455. Ved bokmessa i Frankfurt same året kunne han imponera tilskodarar ved å selja biblar for 300 florinar, som rett nok var tre årslønner for ein vanleg arbeidar, men likevel mykje billigare enn tidlegare, meir arbeidstunge biblar.

Gutenberg hadde snart tent inn nok til å gje Fust avdrag på lånet sitt, men i staden brukte han pengane til å utvikla trykkemaskinen sin vidare. Fust gjekk til rettssak, og vann ikkje berre størsteparten av pengane til Gutenberg, men òg retten til typane og ein stor del av utstyret han hadde brukt til å trykka Bibelen. Slik blei Fust den første utgjevaren som prenta ei bok med sitt namn på, sjølv om Gutenberg heldt fram med å trykka resten av livet. Han døydde i Mainz i 1468, med lite eigedom, men med eit veksande ettermæle.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Oppfinninga til Gutenberg førte til store endringar i Europa. Både lesekunna og vitskapen utvikla seg på grunn av at nye tankar og observasjonar kunne trykkast og raskt spreiast til mange lesarar. Av mange er oppfinnaren rekna som faren til opplysingstida.

Gutenberg er i dag minna med ei rekkje statuar, Gutenbergmuséet i Mainz, og med samarbeid som Gutenberg Galaxy og Prosjekt Gutenberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

?