Bokmålsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bokmålsforbundet er ein organisasjon som arbeider for at Noreg skal ha eitt skriftspråk, moderat bokmål. Organisasjonen vart etablert i Bergen den 21. februar 1990 der han også har hovudkontor. Organisasjonen har også eit avdelingskontor i Ålesund. Forbundet har rundt 1000 medlemmar, og gir ut nettavisa Mål for Norge.

Bokmålsforbundet held ved like og offentleggjer språkstatistikk basert på offisielle tal. Denne er tilgjengeleg på forbundet sin nettstad.

Initiativtakar og formann er Steinar Øksengård.

Opphav og språkpolitikk[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til organisasjonen var at Øksengård meinte at eksisterande språkorganisasjonar ikkje var i stand til å fremje interessene til bokmålet.

Bokmålsforbundet meiner det norske talespråket skal utvikla seg fritt, utan innblanding frå politikk eller byråkrati. I skulesamanheng ynskjer dei å gjera skriftleg sidemål valfritt. Når det gjeld offentleg tilsette, meiner Bokmålsforbundet at dei fritt skal kunna velja mellom bokmål og nynorsk.

Forbundet er sterkt kritisk til at nynorsk har større del i offentleg forvalting enn tilslutnaden i folket tilseier, og er samstundes motstandar av ei tilnærming mellom dei to offisielle språkformene bokmål og nynorsk – gjerne kalla samnorsk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]