Ålesund
| Ålesund | ||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Ålesund i Møre og Romsdal | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 47 772 (2011) | |
| Folketettleik | 1 567,8 /km² | |
| Areal[1] | 30,47 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | E39 Hurtigruta |
|
| Postnummer | 6000 | |
| Innbyggjarnemning | ålesundar/ålesunding | |
| Preposisjon | i Ålesund | |
Ålesund er ein by og administrasjonssenter i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden strekkjer seg òg over kommunegrensa til Sula kommune.
Tettstaden Ålesund strekkjer seg såleis over alle dei sentrale øyane som Ålesund består av, frå Hessa, via Aspøya, Nørvøya, Oksnøya og deretter over Vegsundet til øya Sula og Sula kommune, og deretter langs mesteparten av Sula til Langevåg.
Ålesund hadde 47 772 innbyggjarar pr 1. januar 2011[2]. Av desse budde 39 367 i Ålesund kommune, og 7104 i Sula kommune.
Kystbyen er ei av verdas største eksporthamner for klippfisk og har ei travel fiskerihamn midt i sentrum med sal av fersk fisk og reker. Ålesund huser eitt av fylket sine to eliteserielag i fotball, Aalesunds FK.
Ålesund er internasjonalt kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane. Arkitekturen i sentrum av Ålesund er resultatet av den katastrofale bybrannen i 1904, då heile sentrum blei lagt aude. Arkitektane som var med i gjenreisinga, var unge, norske og inspirert av dåtida sin moderne byggestil, i tillegg til nasjonale og nasjonalromantiske impulsar. Difor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie og er med i eit europeisk nettverk for art nouveau[3] saman med mellom anna Glasgow, Nancy, Wien, Barcelona, Brussel og Riga.
Ålesund er i dag ein by i vekst; innbyggartalet har auka frå 35 000 (1993) til 43 000 (2009), og ein forventa det vil passere 50 000 innan 2018. Byen har vakse saman med nabokommunane Sula og Giske som ligg tett til Ålesund då dei undersjøiske tunnelane gjer at folk kan køyre til Ålesund sentrum i løpet av 5- 15 minutt.
Ålesundregionen er den største byregionen mellom Bergen og Trondheim og er eit kjerneområde på Sunnmøre når det gjeld næringslivsaktivitet og folkesetnad og fungerer som eit teneste- og kommunikasjonsknutepunkt for heile regionen.
Ålesund er og hovudby i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), ein region med over 100 000 innbyggarar.
Ålesund ligger omtrent midt mellom Bergen og Trondheim (Ca 3 mil kortare til Bergen).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Ålesund kommune er omlag 98 km2 stor. Dette gjer Ålesund til ein av landet sine minste bykommunar i utstrekning, noko som og gjer at dei omkringliggande tettstadane har eit naturleg og tett forhold til byen. Berre 8 km2 er jordbruksareal. Ålesund ligg yttarst ved fjordsystema på Sunnmøre. Kystbyen omfatta øyene Hessa (4 km2) i vest, Aspøya (0,5 km2) og Nørvøya (7 km2) i sentrum, samt halve Oksnøya (58 km2 tilhøyrar Ålesund kommune) i aust. I nord ligg den langstrakte Ellingsøya (22 km2) åtskilt frå dei andre øyene ved Ellingsøyfjorden. Det er tunnelsamband under fjorden frå Ålesund sentrum. Andre øyer er Humla og Tørla, som ligg sør-aust i kommunen, nær Sula kommune. I tillegg høyrer ei rekke små øyer utan særskilt busetnad.
I nord går kommunegrensa langs grytefjorden mellom Ellingsøya og fastlandet. Valderhaugfjorden danna grensa mot øykommunen Giske i nordvest, og i sør går Borgundfjorden mellom Ålesund og Sula.
Øyene er langstrakte i aust/vest-retning, ofte med bratte sider mot nord og vest og meir slakke sider mot aust. Landskapet er kupert med til dels markerte fjelltoppar som Sukkertoppen (314 moh.) på Hessa og utsiktspunktet Aksla (189 moh.) på Nørvøya. Berggrunnen er av gneis.
[endre] Bydelar i Ålesund
Ålesund er delt inn i sju bydelar[4]:
- Hessa og Skarbøvik: 4 000 innb.
- Aspøy: 3 100 innb.
- Nørvøy: 11 200 innb.
- Nørvasund: 4 000 innb.
- Spjelkavik, Åse og Lerstad 10 600 innb.
- Indre Borgund: 7 500 innb. (Blindheim, Flisnes, og Emblem, Humla/Tørla.)
- Ellingsøy: 2 000 innb.
Det er vanleg å skilje mellom indre, midtre og ytre bydel. Ytre bydel ligg rundt sentrum: Hessa, Aspøy og Nørvøy. Midtre bydel er rundt Nørvasund bydel. Indre bydel er rundt Spjelkavik, Åse, Lerstad, og Indre Borgund. Ellingsøya ligg nord for dei andre bydelane.
[endre] Samfunn
[endre] Politikk
Ordførar: Bjørn Tømmerdal (H) Varaordførar: Geir Stenseth (FrP)[5]
[endre] Samferdsel
Ålesund er knyta til Europaveg 136, som går frå Dombås i Oppland, og knyta Sunnmøre saman med E6 og Austlandet. Europaveg 39 mellom Bergen og Trondheim går og gjennom kommunen.
Byen er tilknytt Ålesund lufthamn og Giske kommune med undersjøiske tunnelar, som også knyta bydelen Ellingsøya saman med resten av byen.
[endre] Lufthamn
Ålesund lufthamn er lokalisert på øya Vigra i Giske kommune utanfor Ålesund. Flyplassen har daglege ruter til Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og København, fleire avgangar kvar veke til både Riga og London, samt aukande chartertrafikk.
[endre] Båt og buss
Hurtigruta har daglege anløp i Ålesund frå nordsida av sentrum. Om sommaren er det og mogleg å reise til Geiranger med Hurtigruta frå Ålesund. Tide driv fleire snøggbåtruter frå Ålesund sentrum, med båtruter mellom anna til Hareid, Langevåg, Valderøy, Nordøyane, og Brattvåg. Ålesund har bilferjesamband på Riksveg 60 mellom Magerholm og Ørsneset (Aursnes) i (Sykkylven kommune). Dette er den mest trafikkerte ferjestrekninga i fylket, og den tredje mest trafikkerte ferjestrekninga i Norge.[treng kjelde]
Bussambandet i Ålesund er drive av Nettbuss Møre og har hovudtyngda av bussrutene mellom Ålesund sentrum og Moa. Der er det bussterminalar som knutepunkt for bussrutene mellom bydelane og vidare ut i regionen rundt byen. Det er og bussamband mot Trondheim, Bergen og Oslo.
[endre] Religion
Kyrkjer i Ålesund
- Ålesund kirke
- Borgund kyrkje
- Ellingsøy kyrkje
- Skarbøvik kirke
- Spjelkavik kirke
- Voldsdalen kirke
- Vår Frues Kirke (Katolsk)
- Pinsekirka Filadelfia (Pinserørsla)
- Agapekirka (Pinsekyrkjelyd)
- Vineyard (Karismatisk kristendom)
- Ålesund Kristne Senter (Trosbevegelsen)
- Ungdom i Oppdrag (Karismatisk kristendom)
[endre] Utdanning
[endre] Grunnskule
I Ålesund er det 15 barneskular- og 5 ungdomsskular samt nokon private.
[endre] Vidaregåande skule
Ålesund har fem offentlege vidaregåande skular og ein privat: Ålesund vidaregåande skule ("Latinskolen"), Fagerlia vidaregåande skule, Nørve vidaregåande skule, Borgund vidaregåande skule, Spjelkavik vidaregåande skule og Akademiet Ålesund (privat).
[endre] Høgare utdanning
Høgskolen i Ålesund (HiALS) ligg ved Nørvasundet, 4 km frå Ålesund sentrum. Skulen har om lag 2000 studentar og 200 tilsette. Høgskulen består av fem fagavdelingar med eit breitt spekter av utdanningar på bachelor- og masternivå, i tillegg til vidareutdanningar, språkkurs og kvalifiserande kurs.[6]
[endre] Media
[endre] Avis
Sunnmørsposten er den einaste dagsavisa som kjem ut i Ålesund. I tillegg kjem den gratis vekeavisa Nytt i Uka kvar onsdag. Tidlegare hadde Ålesund fleire aviser, mellom anna Sunnmøre Arbeideravis.
[endre] Fjernsyn og radio
NRK Møre og Romsdal har sitt hovudkontor i Ålesund, med lokale nyheiter i fjernsyn og radio, i tillegg til vanleg lokalradio. TV2 har og distriktskontor i Ålesund. Den største lokalradioen er Radio Ålesund.
[endre] Bybrannen
Klokka 02:15 23. januar 1904 kom det fyrste brannsignalet inn til brannstasjonen på Lihaugen. Brannen herja utover natta, formiddagen og ettermiddagen før han ga seg.
Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co. sin fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vest for det som i dag er Brusdalshagen (Borgundvegen 39). Det siste huset som brann sto der Borgundvegen 37 er i dag. Totalt brann omtrent 850 hus og det var berre rundt 230 hus som stod att innanfor bygrensa. Berre ein person omkom under brannen.
Bybrannen blei omtalt i nasjonale og internasjonale media, og mykje hjelp blei sendt til byen. Keisar Wilheim II av Tyskland sendte fire skip lasta med hjelpemannskap, mat, medisin og anna naudsynt utstyr.[7][8]
[endre] Kjente ålesundarar
- Anton L. Alvestad, politikar, stortingsmann og statsråd
- Per Bolstad, musikar og gammaldanskomponist
- Geir Rønning, Artist
- Olav Lundanes, orientering
- Per Inge Bjørlo, kunstnar
- Tor Hogne Aarøy, fotballspelar
- Anne Bøe, lyrikar
- Helen Bjørnøy, prest og politikar
- Arnold Eidslott, lyrikar
- Sture Fladmark, fotballtrenar
- Simon Flem Devold, kunstnar, musikar, forfattar og journalist
- Kristin Krohn Devold, politikar
- Asbjørn Gjærde, journalist og forfattar.
- Harald Grytten, byhistorikar
- Bjarne Haagensen, finansmann
- Nils-Øivind Haagensen, forfattar, lyrikar og journalist
- Marianne Heske, kunstnar
- Leif Hovde, lokalpolitikar, lærer og speidarleiar
- Olav Høydal, arkitekt, overingeniør og byplansjef
- Marit Kaldhol, forfattar og lyrikar
- Hartvig Kiran, journalist, oversetjar, forfattar, lyrikar og komponist.
- Stein Ugelvik Larsen, professor i samanliknande politikk
- Olav Lundanes, orienteringsløpar
- Edvard Moser, psykolog, professor ved NTNU
- Ørnulf Opdahl, biletkunster
- Kjetil Osvold, fotballspelar
- Jonas Peson, biletkunster
- Axel Revold, biletkunster
- Bjørn Helge Riise, fotballspelar
- John Arne Riise, fotballspelar
- Arild Rypdal, forfattar
- Joachim Rønneberg, radiojournalist, offiser og motstandsmann
- Cecilie Skog, polarar og fjellklatrar
- Lodve Solholm, fylkesmann og tidl. stortingsrepresentant
- Terje Sporsem, komikar
- Olav Nils Sunde, finansmann og strateg
- Kjell Torriset, biletkunster
- Ambrosia Tønnesen, bilethoggar
- Lars-Kristian Eriksen, fotballspelar
- Ingrid Tørlen, volleyballspelar
- Mathias Mauren, Snowboardkøyrar
- Nils Olav Lausund, Internasjonalt kjent Dj
- Bjørn Johan Muri, artist og Idol-deltakar
- Harald T. Nesvik, stortingsrepresentant
- Mariann Thomassen, musikar
- Thomas Remvik Aasen, Biketrial-syklist i verdsklasse
- Erik Stephansen, Journalist og tidlegare programleiar i Tv 2
- Christopher Collings, Grunder og manager
- Helge Skuseth Tidlegare landslagsspelar i fotball og sportsredaktør i Sunnmørsposten
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ Statistisk sentralbyrå (1. januar 2011). Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.. http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2011-06-17-01.html Besøkt 18. juni 2011
- ↑ http://www.artnouveau-net.eu/
- ↑ www.alesund.kommune.no
- ↑ http://www.alesund.kommune.no/ordforer/ordforer
- ↑ http://hials.no/
- ↑ www.bybrann.no
- ↑ www.alesund.kommune.no