Borge i Østfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Borge for fleire tydingar

Borge er ein tidlegare kommune i Østfold fylke. Han blei del av Fredrikstad kommune den 1. januar 1994.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Borge blei oppretta som eit formannskapsdistrikt i 1837. 1. januar 1910 blei Torsnes skilt ut fra Borge som eigen kommune. Etter frådelinga hadde Borge 1 538 innbyggjarar.

I 1951 blei ein del av Borge, med 53 innbyggjarar, overført til Fredrikstad. 1. januar 1964 blei eigedommane Gansrød og Ulfeng i Borge med 30 innbyggjarar, i tillegg til delar av Torsnes kommune og heile Glemmen kommune, innlemma i Fredrikstad.

1. januar 1994 blei Borge, som då hadde 11 959 innbyggjarar, slått saman med Fredrikstad, Kråkerøy, Onsøy og Rolvsøy til dagens Fredrikstad kommune.