Bork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bork på paternostertre.

Bork (frå norrønt bǫrkr[1]) er det ytste laget av ei grein eller ein stamme på eit tre eller ein busk.

Plantebork består av fleire lag. Ytst er det i dei fleste tilfelle ein død skorpebork, der det som regel er sprekkar på langs. Under det er borken sitt vekstlag, og under igjen er det som regel eit bastlag. Inst er det eit vekstlag (innerborken), som dannar årsvoksteren av sjølve veden.

Tverrsnitt av tre og framstilling av borklaga.
Sprokken eikebork med lav på.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Matlaging[endre | endre wikiteksten]

Visse typar bork kan tørkast og brukast som krydder. Borken av kaneltreet blir tørka og bruka som krydder — anten som kanelstenger eller oppmalen som strøkrydder.

I naudsår har ein nytta bork som tilsetting i maten. Borkebrød var brød der bork vart nytta i staden for eller tilsett mjøl. Alm var rekna å ha den beste borken til borkebrød. Bork og kvist kunne nyttast som tilleggsfôr til dyra i vårknipa.

Som skriftmedium[endre | endre wikiteksten]

Never, det ytre laget av bork på bjørketreet, har stundom blitt bruka til å skrive brev og andre dokument på.

Som vasstett membran[endre | endre wikiteksten]

Bjørkenever blir tradisjonelt bruka som første lag oppå troa ved tekking av torvtak. Nevra verkar her som ein vasstett membran mellom det ofte vasstrekte jordlaget som graset veks på og taktroa, som er tilverka av tre og som ville rotne mykje fortare om ho vart utsett for vasstrekt jord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.