Never

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svensk øskje av bjørkenever.

Never eller bjørkenever er nemninga på den ytste delen av borkenbjørketre. Never er vasstett og rotnar svært seint. Det har vore brukt som materiale til taktekking, ilåt som korger og skrepper og gjenstandar som lurar, skor, borkepapir og kanoar. Det kan også brukast til å laga nevertjøre, som ein har brukt til å mjukna lêr.

Neverflak frå ei bjørk.

Anatomisk er never eit korklag av daude celler. Han kan takast av den eigentlege borken som ligg innanfor. Never kan også delast i tynne lag mellom lyse, tynnvegga celler og mørke, tjukkvegga celler.

Neverflekking[endre | endre wikiteksten]

Never frå ein stamme.

Bjørk veks på store delar av den nordlege halvkula, og nevra lèt seg lett flekke (flette, løype) av til rett årstid.

I Noreg var tida før og omkring jonsok mange stader sett på som den beste, avhengig av lokalt klima og høgd over havet. Folk i Setesdal meinte at nevra lausna lettast etter ein kald vinter. Flekking måtte vente til lauvet var utvakse, men deretter hadde ein 4-5 veker med gode tilhøve før sevja tørka så mykje at nevra vart vanskeleg å lausne. I mange fjellbygder kan never flekke heilt til midten av august. Flekkinga skjedde helst til fjells i setertrakter, fordi den beste nevra var å finne der beitande dyr hadde gnege av kvistar og skot medan trea var unge.

Never vert teke frå tre med diameter frå 8 til 30 cm, mest mogleg rettvaksne, glatte og fri for kvistar og sår. Med ein skarp kniv skjer ein eit loddrett snitt, men ikkje så djupt at kniven går gjennom bastlaget innanfor og inn i veden. Eggen vert litt sett på skrå, og neverflaket forsiktig vippa laus frå bastet, slik at ein får tak og kan trekkje det heilt av. Ein eigen reiskap, løypeskeia, har vore brukt til å lausne nevra. Viss stammen er litt krumvaksen, må snittet gjerast på ryggen eller «krylen» (den konvekse sida). Då kan flaket brukast, sjølv om det får ei dobbeltkrum flate. Flaka vert så breie som snittlengda og så lange som omkrinsen på stammen. Til taktekking kan alle storleik brukast, frå nesten meterlange flak til små lappar på storleik med ei handflate, men idealet er jamstore flak med både breidd og lengd frå 30 til 50 cm

Parti mellom større greiner kan utnyttast viss avstanden er lang nok til å gje ei brukbar breidd på neverflaket. Elles gjer småkvistar og sår liten skade om ein legg snittet tett inntil. Då vil ein berre få eit hòl i kanten. Hòl eller rifter midt på flaket må ein derimot unngå. Viss flaket viser tendens til å sprekke, er det like godt å dela det i to med det same.

Treet tek ingen skade av inngrepet viss bastlaget får vere i fred, men veksten kan hemmast. Treet vil også få eit arr av nydanna svart bork som vernar sårflata. Etter 7-8 år kan òg denne denne nye nevra flekkast av. Ho er tjukkare og stivare enn førstegangsproduktet. I Setesdal brukte ein slik kartnever til dei mest utsette delane av taket, mellom anna som berelag for den utstikkande neverkanten på gavlen.

Berre få timar etter flekkinga vil neverflaket rette seg ut og byrje å krumme seg motsett av retninga det hadde på trestammen. Snart vil det krølle seg saman til ein tett og uhandterleg rull med «innsida» ut. Han er vanskeleg å rette ut etterpå, utan hjelp av damp eller av kokande vatn. Nyflekka never vert difor, så snart han har retta seg ut, lødd i stabel (lad) og lagt til tørk under press. Flaka vert lagt på eit plant underlag av bord, kvart lag med fiberretninga på tvers av føregåande lag. Skurkantene (på tvers av fiberretninga, altså på langs av trestammen) må trekkje litt inn for å motverke tendensen til krølling, som er særleg sterk her. Rivekanten (i fiberretninga og på tvers av trestammen) kan leggjast heilt ut til ytterkant av stabelen. I Setesdal hadde ein slik takkost vanlegvis ei flate på 60 cm x 80 cm og ei høgd på 25 cm Denne mengda svarte til ei lest eller ei vanleg bør. Øvst vart det lagt ein lem som vart tyngt ned med stein.[1]

Tidlegare vart bjørkeskog hardare utnytta ved hogst og beiting. Men mange bønder hadde nok bjørk til eige bruk og kunne halde seg med eit «nevra-lad» som låg klårt til neste tekkedugnad. Andre, særleg ytst langs kysten, måtte kjøpe never. Det var ein vanleg handelsvare som vart eksportert sjøvegen frå skogrike fjordbygder. I Bergen og Trondheim vart never selt på marknadene. Frå omkring 1880 kom òg russenever frå Russland på marknaden, formidla gjennom pomorhandelen. Never vart pakka i ball og selt i kippe, vetter eller oftast vågar (= 2 kippe). Ein våg (18 kg) kosta rundt ½ speciedaler eller 2 kroner, varierande etter kvalitet og tilbod.[2]

Never til ilåt[endre | endre wikiteksten]

Målt russisk neverilåt.

Never kan lett formast til ulike ilåt, som stivnar til ei viss form med tida. I Nord-Europa har ein særleg laga bytter, korger, kogger, øskjer og skrepper, siste blir kalla kont når dei er laga av neverstrimlar. I Finland og Russland har never også vore brukt til å laga fiskereiskapar, til dømes søkke, og handtak, til dømes på knivar.

I Nord-Amerika brukte ein never til å laga ei rekkje nyttegjenstandar i tillegg til boksar, som faklar, tallerkar og vifter.

Never til skrift og bilete[endre | endre wikiteksten]

Barneteikning og skrift på eit neverark frå Russland.

Never blei brukt til å skrive på i Gandhara i Asia, dei eldste buddhistiske tekstane me kjenner frå om lag første hundreåret f.Kr. I Russland brukte austslavarar never til brev, dokument og tidtrøyte frå 1000- til 1400-talet. Dei skreiv med noko hardt, som pinnar av bein, bronse men som regel jern. Dei fleste tekstane er skrivne på austslaviske dialektar, men eitt er på norrønt og eitt den eldste teksten me kjenner frå karelsk. Bruk av never som skrive- og teiknemateriale har halde fram til moderne tid.

Nordamerikanske urfolk har brukt never til kunst og kunnskap. Ojibwefolk brukte neverrullar med ideogram til seremoniar og til å ta vare på historie og annan kunnskap. Fleire algonkinske folk laga mønster i never gjennom å bita merke i det. Dette kunne brukast som ferdig kunstverk, eller dekorerast vidare med perler eller piggar frå holepiggsvin.

Klede og utstyr[endre | endre wikiteksten]

Ein har også laga klede av never. Frå Norden er neversko kjend. Det er blitt laga hattar av never både i Nord-Amerika og Nord- og Sentral-Europa.

Nordamerikanske urfolk laga kanoar av never. Desse har gjeve form til moderne kanoar av plast.

Never til bustader[endre | endre wikiteksten]

Teikning frå 1893 som viser korleis ein byggjer ein wigwam.

I Nord-Amerika var never brukt til wigwamar av fleire algonkinske folk. Ein laga dei ved å legga neverflak i taksteinlag over stokkar, frå botnen og opp. I dårleg vêr kunne ein dekka røykholet i taket med eit eige neverdekke.

På dette gamle torvtaket i Hemsedal er neverunderlaget blitt synleg.
Finsk nevertak dekt med trestokkar.

Never har også vore mykje brukt til taktekking i Norden. Det er varig, vasstett, motstandsdyktig og tilgjengeleg i store delar av landa her. Men etter at det er flekka av bjørkestammen, vil eit neverflak snart krølle seg den motsette vegen. Sidan det var umogleg å spikre begge kantar av neverflaket fast til underlaget, måtte det finnast andre måtar for å tvinge det til å liggje fast og flatt. Både trevirke, stein og torv har vore brukt til dette. I Noreg var torvtak vanlegast, ettersom torv finst overalt og isolerer rimeleg godt mot både kulde og varme. I Finland var det derimot vanlegare å bruka stokkar til å halda nevra på plass.

I Noreg var never ein heilt naudsynt føresetnad for å få vasstette torvtak. Medan torva er den mest synlege delen av taket, var never det aktive, vasstettende laget i tekkinga. Det vitnar om tydinga til nevra at orda ’tak’ tyder nevar på setesdalsdialekt, medan det som i riksspråket vert kalla tak, heiter ’toke’ i Setesdal. Eit tak med nevar og torv vert kalla der ’taktoke’ eller ’rett tak’, til skilnad frå andre tekkemåtar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Never

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hjelmeland, Britt-Alise (1993), Husbygging langs kyst og fjord 1850-1950, Oslo: Magistergradsavhandling i etnologi, UiO. 100-113 
  • Uppstad, Torjus (1990), Taktekkjing med never og torv, Valle i Setesdal: Valle Laftebygg 
  • Halse, Leif (1992), Vangsgutane - Til skogs på never-løyping, Oslo: Fonna forlag, . 13-15 . Illustrasjonar av Jens R. Nilssen