Bjørk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørk


Bjørkeskog
Bjørkeskog

Systematikk
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fagales
Familie: Betulaceae
Slekt: Betula
Vitskapleg namn
Betula
Bjørk
Namn på andre språk
Norrønt Bjǫrk
Svensk Björk
Dansk Birk
Engelsk Birch
Tysk Birke
Fransk Bouleau
Spansk Abedul
Russisk Berjoza (Берёза)

Bjørk (latinsk namn Betula) er ei slekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der ein finn artar som dvergbjørk, dunbjørk og hengebjørk.

Blada er middels til lysegrøne, og vert gule om hausten før dei fell av. Blomane sit i rakler og trea har oftast kvit bork. Allergi mot bjørkepollen er vanleg.

Innhaldsliste

[endre] Bruk

Ein bjørkestamme dominerer i «Våren», måla av Carl Larsson i 1907.

I Skandinavia blir nye skot hos bjørka gjerne sett på som eit teikn på våren, og det er vanleg å pynta med slike greiner på den norske grunnlovsdagen.

[endre] Som trevyrke

Birke Holz.JPG

Bjørkeved er middels tung, hard og seig blant tresortane i Noreg. Dei ulike bjørkesortane gjev temmeleg likt vyrke. Treet kan lett bli skada av fukt, og må vølast før det blir brukt utandørs. Vyrket er derimot godt eigna til å laga møbel, golv, finér og mindre ting av tre. Bjørk blir òg mykje brukt til å laga papirmasse og til fyringsved.

[endre] I matlaging

Blada til bjørka kan nyttast som smaktilsetjing både ferske og tørka, og kan brukast blant anna på poteter. Lauvet, som inneheld ein særs høg konsentrasjon av glukose på våren kan då nyttast til å laga ein søtleg og smakfull te.

Mange legg bjørkepinnar nedst i gryta når dei dampkokar pinnekjøt.

Søtstoffet xylitol blir gjerne utvunne av bjørkeved.

[endre] Bjørkenever

Never har vore det vanlege underlaget for torv til taktekking (torvtak). Never har og vore brukt som kapillærbrytande sjikt for å isolere mot fuktvandring i bygningskonstruksjonar, til innvendig isolasjon, og til mange slags bruksting, som lurar, buttar, kontar og øskjer. Bjørka inneheld stoffet betulin, som er bakteriehemmande og gjer at mjølkeprodukt held seg betre i kar av bjørk.

Bjørkebork, laget under den kvite nevra, har vore brukt til garving og til barking av fiskegarn.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bjørk

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk