Boy av U2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boy er debutalbumet til det irske rockebandet U2. Det kom ut 20. oktober 1980. All musikken på albumet er skriven av U2, musikken er skriven av Bono (Paul David Hewson). Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte Boy på 417. plass på lista si over «Verdas 500 beste album».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Singelen I Will Follow som kom før plata, blei ein hit på skuleradioane og var med på å skape forventningar til bandets debutalbum. Songen handlar om Bono si mor som daude då han var 14 år, og blei oppfatta som ein religiøs song. Dette styrkte påstanden om den kristne trua til gruppa, noko Bono bekrefta mange år seinare under eit intervju med NME i 2007.

Albumet blei spelt inn på Windmill Lane Studios i Dublin med Steve Lillywhite som plateprodusent. Nokon av songane, til dømes «An Cat Dubh» og «The Ocean» blei skrivne og spelt inn i studio. Mange av dei andre, som «Stories for Boys», «Out of Control» og «Twilight», var songar som blei framført regelmessig under konsertane deira på den tida.

Albumet kom etter Three, ein EP med tre melodiar som hadde andre versjonar av «Out of Control», «Stories For Boys» og ein song kalla «Boy/Girl». Tidlege vinylkopiar av albumet har ein kort, 30-sekunders instrumentalversjon av det som skulle bli låten «Fire» på albumet October på slutten av albumet, etter «Shadows and Tall Trees».

Guten på omslagsfotografiet er Peter Rowan (bror av Bonos venn Guggi), som også er på omslaget av Three, War, og The Best of 1980-1990. Biletet måtte endrast til eit forvrengt bilete av gruppa til albumlanseringen i USA, då dei frykta å bli anslaga for barnepornografi.

Boy er det einaste U2-albumet der alle songane har blitt framført på konsertar minst ein gong.

Spor[endre | endre wikiteksten]

  1. "I Will Follow" - 3:37
  2. "Twilight" - 4:22
  3. "An Cat Dubh" - 4:46
  4. "Into the Heart" - 3:27
  5. "Out of Control" - 4:13
  6. "Stories for Boys" - 3:02
  7. "The Ocean" - 1:35
  8. "A Day Without Me" - 3:13
  9. "Another Time, Another Place" - 4:33
  10. "The Electric Co." - 4:47
  11. "Shadows and Tall Trees" - 4:36

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bokmål wikipedia oppgav denne kjelda:

  1. Rolling Stones liste over dei 500 beste album gjennom tidene