Tom Waits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tom Waits
Tom Waits 3.jpg
Verkeleg namn Thomas Alan Waits
Fødd 7. desember 1949 i Pomona i California i USA.
Instrument Vokal, piano, orgel, gitar og munnspel
Sjanger Eksperimentell
Rock
Blues
Jazz
Folk
Aktive år 1972 —
Yrke Singer-songwriter
Komponist
Musikar
Skodespelar
Plateselskap Asylum
Anti-
Island
Nettside Offisiell nettstad

Thomas Alan Waits (fødd 7. desember 1949) er ein amerikansk musikar, komponist og skodespelar. Waits er kjend for den særeigne stemma som ein kritikar omtalte som «om han var dyppa i bourbon, hengt i eit eldhus i nokre månadar og så tatt med ut og overkøyrd av ein bil»[1] Med den brummande stemma, blanding av stilartar som blues, jazz og Vaudeville og eksperimentelle tendensar på grensa til industriell musikk[2] har Waits skapt ein heilt særeigen stil. Waits har òg komponert musikk til filmar og musikalar og hatt biroller i fleire filmar, som Ironweed, The Fisher King og Bram Stoker's Dracula. Han har vorte nominert til Oscar-prisen for filmmusikken sin.

Tekstmessig er Waits sine songar kjend for ein atmosfære med portrett av bisarre og lurvete karakterar og stader, men han har òg ofte laga meir tradisjonelle balladar. Trass i at han vert spelt lite på radio og musikkvideoane hans vert lite vist, har han mange tilhengjarar og har påverka mange musikarar. Songane hans er ofte meir kjend for ålmenta gjennom andre artistar sine versjonar— til dømes «Jersey Girl» spelt av Bruce Springsteen, «Downtown Train» spelt av Rod Stewart og «Ol' '55» spelt av the Eagles. Sjølv om Waits sine album har fått blanda mottaking i heimlandet USA, har dei stundom seld til gull i andre land. Han har vorte nominert til mange store musikkprisar og vunne Grammy Awards for to album.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Tom Waits vart fødd i Pomona i California. Far hans, Frank, var av skotsk-irsk avstamming, medan mora hans var av norsk avstamming.[3] Begge foreldra var lærarar. Waits jobba som dørvakt ved nattklubben Heritage i San Diego tidleg i 1970-åra, der artistar frå alle sjangrar spelte. Han var fan av mange komponistar og forfattarar, som Frank Sinatra, Bob Dylan, Lord Buckley, Hoagy Carmichael, Marty Robbins, Raymond Chandler og Stephen Foster og Waits byrja å utvikle sin særeigne musikalske stil der han kombinerte song og monolog.

Etter han var ferdig i United States Coast Guard fekk han spele mandagskveldar på The Troubadour i Los Angeles, ein stad der musikarar stod i kø heile dagane for å få lov å spele der om kvelden. Kort tid etter, i 1971, flytta Waits til Echo Park i Los Angeles og spelte inn sine først musikkstykke. Her budde òg artistar som Glen Frey og J.D. Souther frå the Eagles, Jackson Browne og Frank Zappa. Waits signerte ein avtale med Asylum Records i lag med Herb Cohen. Han var då 21 år gamal.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire avbrutte innspelingar kom den første plata til Waits ut i 1972. Dette var ei jazz- og viseeaktig plate kalla Closing Time. Plata fekk gode kritikkar, men lite merksemd fram til opningssporet, «Ol' 55», vart spelt inn av the Eagles, som var på same plateselskap, i 1974 på albumet deira On the Border.

Han byrja å turnere som oppvarmingsartist for artistar som Charlie Rich, Martha and the Vandellas og Frank Zappa. Waits fekk betre kritikkar og ein lojal fanskare med det andre albumet sitt, The Heart of Saturday Night i 1974. Her finn ein songen «Looking for the Heart of Saturday Night», som viser Waits sine røter som nattklubbartist der han delvis snakkar seg gjennom denne og andre songar, ofte akkompagnert av eit jazzband.

I 1975 kom albumet Nighthawks at the Diner som vart spelt inn i eit studio med eit lite publikum for å skape kjensla av ein nattklubbkonsert, med lange, muntlege passasjar mellom songane, som ein gjerne ville hatt på ein pubkonsert. Dette var òg første gong Waits nytta den overdrivne grove stemma som skulle dominere dei mange albuma etter dette.

Small Change kom i 1976 med den kjende trommeslagaren Shelly Manne, og var, som dei tidlegare albuma, kraftig jazzpåverka. Songar som «The Piano Has Been Drinking» og «Bad Liver and a Broken Heart» sementerte ryktet om Waits sitt harde liv med ein lyrisk stil påverka av Raymond Chandler og Charles Bukowski, i tillegg til vokal påverka av Louis Armstrong. Foreign Affairs i 1977 og Blue Valentine i 1978 var i liknande stil og utforska vidare jazz og blues. Songen «Blue Valentines» har eit sparsommeleg arrangement med Waits på vokal og ein elektrisk gitar spelt av Ray Crawford. Det var i denne perioden Waits hadde eit romantisk forhold til Rickie Lee Jones (som ein kan sjå bilete av på plateomslaga til Foreign Affairs og Blue Valentine).

Heartattack and Vine vart gjeve ut i 1980 og hadde eit vidareutvikla lydbilete som inkluderte både balladar (som «Jersey Girl») og røffare rhythm and blues. Sjølv om albumet ikkje viste heilt nye stilartar for Waits hadde det eit lang meir upolert og grovare lydbilete som peikte fram mot dei større musikalske endringane som skulle finne stad dei neste åra. Same året innleia han eit langt arbeidsforhold til Francis Ford Coppola, som bad Waits lage musikk til filmen hans One from the Heart. Waits hadde opphavleg ønske om å arbeide med Bette Midler på denne filmmusikken, som tidlegare hadde sunge ein duett med han på den Billie Holiday-aktige songen «I Never Talk to Strangers» på Foreign Affairs, men Midler var oppteke med andre ting. I staden for enda Waits opp med Crystal Gayle.

Waits byrja skodespelarkarrièren sin med ein opptreden i Sylvester Stallone-filmen Paradise Alley frå 1978.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I august 1980 gifta Waits seg med Kathleen Brennan, som han hadde møtt på settet til One from the Heart. Brennan har ofte vorte kreditert som medforfattar på mange songane på dei seinare albuma hans, og Waits omtalar ho ofte som ei av dei store inspirasjonskjeldene hans. Ho introduserte han for Captain Beefheart sin musikk. Trass i at dei hadde hatt same manager i 1970-åra sa Waits at han først vart meir kjend med musikken hans då han gifta seg.[4] Waits har seinare skildra forholdet til Brennan som eit paradigmeskifte i den musikalske utviklinga si.

Waits forlet Asylum Records og skreiv under for Island Records. Det første albumet for det nye plateselskapet var Swordfishtrombones i 1983. Dette albumet var ei heilt ny vending i musikken til Waits og gav han eit rykte som ein musikalsk lausgjengar. Albumet er langt meir eksperimentelt enn tidlegare plater og inkluderer forskjellege instrument, som sekkepiper på «Town with No Cheer» eller marimba på «Shore Leave») og stemmebruk (t.d. monologen på «Frank's Wild Years» eller bjeffinga på «16 Shells from a Thirty Ought Six»), og har langt færre tradisjonelle balladar med piano og strykarar, som hadde dominert dei tidlegare albuma til Waits. Bortsett frå Captain Beefheart og noko av Dr. John sine tidlege plater var det lite i musikkhistoria som var i nærleiken av Swordfishtrombones eller dei like særeigne Rain Dogs i 1985 og Franks Wild Years i 1987.

Waits hadde tidlegare anten spelt piano eller gitar, men byrja å bli lei desse instrumenta og sa «Hendene dine er som hundar, dei går dei same stadene som dei har vore før. Du må vere forsiktig når spelinga ikkje lenger sit i hovudet ditt, men i fingrane og går til lykkelege stader. Du må bryte med vanane dine, elles vil du ikkje kunne utforske nye stader og endar opp med å berre spele det som er trygt og behageleg. Eg lærer å bryte desse vanane ved å spele andre instrument som eg ikkje kjenner i det heile tatt, som fagott eller waterphone[5]

Instrumenteringa og arrangementa på desse og seinare album var ofte eklektiske.[6] Waits kalla det sjølv eit «skraporkester» med kvesande pumpeorgel, raslande perkusjon (som kan minne om musikken til Harry Partch), slørete hornseksjonar (der Ralph Carney ofte spelte som i eit brass band eller soul), nesten atonale gitarar (kanskje mest tydeleg i Marc Ribot sine bidrag) og umoderne instrument (mange av Waits sine album var med ein øydelagd, uforutsigbar Chamberlin og på dei nyare albuma vert ofte den lite nytta Strohfiolinen brukt.

I tillegg til den nye instrumentelle tilnærminga endra Waits gradvis den vokale stilen sin lenger og lenger bort frå barstilen frå 70-talet og nytta i staden fleire teknikkar som brummande lydar, som Howlin' Wolf, buldrande og brutale bjeff eller ein anstrengt, nesten skrikande falsett som Waits omtalar som Prince-stemma si.

Låtskrivinga hans endra seg òg og var meir abstrakt med mange stilartar ein sjeldan finn i popmusikk, inkludert primitiv blues, kabaret, rumba, teatralsk musikk ala Kurt Weill, tango, tidleg country og europeisk folkemusikk, i tillegg til Tin Pan Alley-aktige songar som på dei første albuma hans.

Franks Wild Years vart omarbeidd til ein musikal, som Waits skreiv i lag med Brennan og sjølv spelte i. Denne gjorde suksess på Steppenwolf Theater i Chicago. Han spelte òg i fleire filmar, hovudsakleg biroller, men hadde hovudrolla i Jim Jarmusch-filmen Down By Law i 1986, som òg inkluderte to songar frå Rain Dogs i filmmusikken. Fleire teatersamarbeid kom etterkvart og med kona si skreiv og spelte Waits i Big Time, ein surrealistisk konsertfilm og eit filmalbum frå 1988.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990 samarbeidde Waits med fotografen Sylvia Plachy. Boka hennar Sylvia Plachy's Unguided Tour inneheld ei kort Waits-plate som akkompagnerer bileta og teksten hennar.

Waits dukka opp på Primus sitt album Sailing the Seas of Cheese i 1991, som stemma til «Tommy the Cat», som introduserte hand for eit ny publikum i alternativ rock. Dette var første av fleire samarbeid mellom Waits og gruppa. Les Claypool, bassisten, songaren og låtskrivaren i Primus, dukka opp på fleire av Waits sine seinare album. Waits skreiv og dirigerte musikken til Jim Jarmusch sin film Night on Earth i 1991, som vart gjeve ut som eit album året etter.

Bone Machine kom i 1992. Det nakne albumet innehaldt mykje perkusjon og gitar (og lite piano og saksofon) og markerte ei ny vending i Waits sitt lydbilete. Kritikar Steve Huey kalla det «kanskje Tom Waits sitt mest samanhengande album...eit makabert, skummelt mareritt, eit som nyttar dei underlege eksperimenta i klassikarane på 1980-talet til overveldande flott, og ofte opprivande, effekt ...den mest gripande og mektige plata til Waits, sjølv om det er langt frå hans mest tilgjengelege.»[7] Bone Machine vann ein Grammy i kategorien «beste alternative album».

The Black Rider i 1993 var eit resultat av eit teatralsk samarbeid mellom Waits, regissør Robert Wilson og forfattar William S. Burroughs.

Mule Variations kom i 1999 og vann òg ein Grammy, men som eit døme på kor vanskeleg det er å klassifisere musikken til Waits vart han nominert i både «beste samtidige visealbum» (som han vann) og «beste mannlege rockevokalprestasjon» (for songen «Hold On») — begge i andre sjangrar enn den han vann sin første Grammy i. Albumet var det første som Waits gav ut på Anti Records og det første der han nytta ein turntablist, sjølv om instrumentet vart nytta på ein utradisjonell måte. Albumet var òg det albumet av Waits som kom høgast på dei amerikanske salslistene då det nådde 30. plass.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Songar John P. Hammond sitt Wicked Grin kom i 2001. Hammond og Waits er nære vener og albumet er ei samling av Waits sine songar og Waits deltar på dei fleste spora (gitar, piano og stundom på vokal).

I 2002 gav Waits ut to sjølvstendige album, Alice og Blood Money. Begge var teatralske samarbeid med Robert Wilson, og førstnemnde var meint som ein musikal om Lewis Carroll og den sistnemnde ei tolking av Georg Büchner sitt skodespel Woyzeck. Begge albuma går tilbake til tango, Tin Pan Alley, og snakkande passasjar som ein hadde på Swordfishtrombones, medan tekstane er svært kyinske og melankolske med titlar som «Misery is the River of the World», «Gods Away on Business» og «Everything Goes to Hell».

Real Gone vart gjeve ut i 2004. Lydbilete er framleis eksperimentelt og det er det einaste Tom Waits-albumet som er heilt utan piano. Waits beatboxar på opningssporet «Top of the Hill» og dei fleste songane opnar med improvisert «vokalperkusjon» av Waits. Albumet er òg meir rock-prega og mindre blues-prega enn tidlegare og for første gong inneheld det fleire politiske songar. Avsluttingssporet, «The Day After Tomorrow» handlar om ein soldat som skriv heim at han er desillusjonert på grunn av krigen og er glad for at han skal heim. Songen nemner ikkje irakkrigen og kritikarar har nemnd at songen like gjerne kunne handle om ein soldat i den amerikanske borgarkrigen. Waits har derimot sjølv skildra songen som ein slags protestsong mot invasjonen av Irak.[8] Thom Jurek skildrar «The Day After Tomorrow» som «ein av dei mest innsiktsfulle og underdrivne antikrigssongane som er skrivne på mange tiår. Han inneheld ikkje noko form for banalitet eler sentimentalitet i den folkelege uttrykksmåten».[9]

I 2006 kom det ein boks kalla Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards på tre plater med 54 songar, nokre av dei sjeldne, nokre av dei hadde ikkje tidlegare vore utgjeve og nokre vare heilt nye. Dei tre platene hadde kvar sin eigen undertittel som viste til innhaldet deira. CD 1 heitte «Brawlers» (Bråkmakarar) og inneheld rock- og bluessongar og meir raskare songar. CD 2 heitte «Bawlers» (Brølaper) og inneheld balladar og kjærleikssongar, og den tredje CDen heitte «Bastards» (Bastardar) som ikkje passa inn på dei to førre. Samlinga fekk særs gode kritikkar, nær sagt alle stader.[10]

Waits bur i dag i Sonoma County i California med Brennan og dei tre borna deira.

Waits sine album Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards, Alice og Blood Money er alle med på metacritic.com si liste over «dei 200 mest kritkarroste platene sidan 2000» (Top 200: Best-Reviewed Albums)[11].

Tom Waits sin song «Trampled Rose» frå Real Gone dukka opp på det kriktarroste albumet Raising Sand av Robert Plant frå Led Zeppelin og Allison Krauss i 2007.

Han spelte rolla som Kneller i filmen Wristcutters: A Love Story, som starta å gå i november 2007.

Sommaren 2008 la Waits ut på Glitter and Doom-turneen sin med konsertar i USA og Europa.[12]

Den 20. mai 2008 gav Scarlett Johansson ut debutalbumet sitt, Anywhere I Lay My Head, som inneheldt innspelingar av ti Tom Waits-songar. Waits var gjesteartist på albumet The Spirit of Apollo av hip hop-prosjektet N.A.S.A., på songen «Spacious Thoughts».

Seint i 2009 spelte Waits rollla som Mr. Nick i Terry Gilliam-filmen The Imaginarium of Doctor Parnassus.[13]

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Waits spelte rolla som «The Engineer» i filmen The Book of Eli, i lag med Denzel Washington, som kom ut i januar 2010.

Tidleg i 2011 gav Tom Waits ut ei samling på 23 dikt kalla Seeds on Hard Ground, som var inspirert av Michael O'Brien sine portrett av heimlause i den komande boka hans Hard Ground, som inkluderte dikta ved sidan av portretta. 14. mars 2011 vart Waits innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Seremonitalen vart halden av Neil Young.[14] Waits tok imot prisen med sin sedvanlege humor og sa: «Dei seier eg har ingen hittar og er vanskeleg å arbeide med... som om det er ein dårleg ting»[15]

24. oktober 2011 gav Waits ut eit nytt studioalbum, Bad as Me.

Waits er med på songane «Fadin' Moon» og «Ghost to a Ghost» på Hank Williams III-albumet Ghost to a Ghost/Gutter Town frå 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Informasjon Plateselskap
1973 Closing Time Asylum
1974 The Heart of Saturday Night
1975 Nighthawks at the Diner Spelt inn i studio med publikum over to kveldar
1976 Small Change
1977 Foreign Affairs
1978 Blue Valentine
1980 Heartattack and Vine
1982 One from the Heart Filmmusikk for Francis Ford Coppola sin film CBS
1983 Swordfishtrombones Island
1985 Rain Dogs
1987 Franks Wild Years Samarbeid med Benoît Christie
1988 Big Time Konsertplate, film og video
1992 Night on Earth Filmmusikk for Jim Jarmusch sin film med same namn
Bone Machine Vann Grammy Award for beste alternative musikkalbum
1993 The Black Rider Samarbeid med William S. Burroughs og Robert Wilson
1999 Mule Variations Vann Grammy Award for beste samtidigige visealbum ANTI-
2002 Blood Money Musikk til Wilson si utgåve av skodespelet Woyzeck
Alice Musikk til Wilson sitt skodespel med same namn
2004 Real Gone
2006 Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards Samleplate med tre plater med nye og gamle innspelingar
2008 Glitter and Doom Live Konsertplate
2011 Bad as Me

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jay S. Jacobs, Wild Years The Music and Myth of Tom Waits, ECW Press 2006 (ISBN 101550227165)
  • Mac Montandon (ed.), Innocent When You Dream: Tom Waits - the collected interviews, Orion 2006 (ISBN 0-7528-7394-6)
  • Patrick Humphries, The Many Lives of Tom Waits, Omnibus 2007 (ISBN 1-84449-585-X)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Intervju[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]