Brahmiskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brahmi
Brahmiskrift
Brahmi-skrift på eit av asjokaedikta, datert 238 f.Kr.
Type Abugida
Periode Kanskje frå 600-talet f.Kr. fram til 200-talet
Språk Tidlege prakritspråk
Avstamming Protosemittisk
 Fønikisk
  Arameisk
Opphav for Gupta, vatteluttu og mange andre i den indiske skriftfamilien
I slekt med Laotisk skrift
Unicode U+11000–U+1106F
ISO 15924 Brah

Brahmi er eit skriftsystem kjend frå India frå kring 600-talet f.Kr. Det er forløparen for dei fleste indiske skriftsystem. Mange av bokstavane minner om arameisk skrift, og ein utbreidd teori er at skrifta blei utvikla frå arameisk. Brahmi blei opphavleg skrive frå høgre mot venstre, men skriftretningen blei seinare snudd til venstre mot høgre. Dei eldste innskriftene ein kjenner med brahmiskrift er frå 200-talet f.Kr. Brahmi var samtidig med kharosthi, som blei brukt lengre nord i Sør-Asia.

Brahmiskriftteikna med uttale.
Samanlikning av europeiske skriftteikn, brahmi og moderne nagariskrift.

Brahmi utvikla seg vidare i ein nordindisk og ein sørindisk variant, kjend som Gupta-brahmi og Pallava-brahmi. Den nordindiske forma utvikla seg mellom anna til devanagari som blir brukt til å skriva mellom anna sanskrit og hindi. Denne typen har også vore utgangspunkt for mange andre nordindiske skrifttypar. Den sørindiske typen blei utgangspunkt for skrifttypar som tamil, telugu, kannada og tulu-malayalam. Skriftsystem utvikla frå brahmiskrift finst også utanfor dagens India. Dei blir mellom anna brukt til å skriva burmesisk, mon, khmer, thai, singalesisk, og javanesisk.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brahmiskrift

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.