Brasília

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brasília
Katedralen i Brasília.
Katedralen i Brasília.
Flagget til Brasília Byvåpenet til Brasília
Flagget til Brasília Byvåpenet til Brasília
Styresmakter
Land
Region
Brasil
Midtvest
Distrito Federal
Grunnlagd 21. april 1960
Ordførar Agnelo Queiroz
Geografi
Innbyggjarar
 - By

2,606,885
Koordinatar 15°48′″S 47°54′″WKoordinatar: 15°48′″S 47°54′″W
Høgd over havet 1172 m
Diverse anna
Nettstad: www.brasilia.df.gov.br
NASA sitt satellittbilete av Brasília.

Brasília er hovudstaden i Brasil og er ein del av Distrito Federal. Allereie i den første grunnlova frå 1891 var det bestemt at byen skulle liggja i hjarta av Brasil i delstaten Goias – eit savanneområde med få innbyggjarar. Bygginga av byen byrja i 1956 under president Juscelino Kubitschek. Byen vart teken i bruk i 1960. Byen er ein planlagd by, og har form som eit fly med kropp og vengjer. Han var planlagd for ein halv million innbyggjarar, men har i dag om lag to millionar når ein tek med satellittbyane (Koreisha, Areal 2003).

Frå 1763 til 1960 var Rio de Janeiro hovudstad i Brasil, og mange ressursar vart sentrert søraust i landet. Midtdelen av landet kunne trengja meir aktivitet og gjerne meir statleg verksemd. Om styresmaktene vart flytta til innlandet kunne desse landsdelane integrerast betre i landet som heilskap. Ein grunn kunne òg vera å ha regjeringsssetet ein annan stad enn dei store folkemassane.

Arkitektur og planlegging[endre | endre wikiteksten]

President Kubitschek gav ordre til at Brasilia skulle byggjast, og planlegginga av byen vart gjort heilt frå grunnen av. Såleis er byen særkjenna av å vera ein planlagd by. Byplanleggjar var Lúcio Costa. Oscar Niemeyer var sjefsarkitekt for dei fleste offentlege bygga. Roberto Burle Marx var landskapsarkitekt. Byplanen vart bygd på ideane til Le Corbusier. Brasilia vart bygd på 41 månader, frå 1956 til 21. april 1960, då byen vart offisielt opna. Byen vart i stor grad planlagd for bilisme, og i liten grad for fotgjengarar. Slik har byplanen vorte eit problem etter som folkesetnaden har auka, og folk til dels har busett seg og går der det ikkje var planlagd.

UNESCO har teke med Brasilia på lista si over verdsarv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Areal, Augusto Cesar Baptista (2004): The City of Brasilia. General Information about Brasilia. [1]
  • Koreisha, Sergio: Brasilia and the Central West by Sergio Koreisha. [2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brasília