Le Corbusier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Le Corbusier i 1933.

Le Corbusier (6. oktober 188727. august 1965) er kunstnarnamnet til den sveitsiske arkitekten og formgjevaren Charles-Edouard Jeanneret, ein av dei sentrale skikkelsane innan modernismen. Han hadde evne til å arbeida på alle nivå, frå formgjeving av møbel til byplanlegging.

Charles-Edouard Jeanneret blei fødd i La Chaux-de-Fonds i Sveits. Han lærte først å bli gravør av klokkar som faren, men studerte seinare arkitektur. Jeanneret reiste mykje rundt i Europa, der han mellom anna fekk auga opp for armert betong som byggemateriale. I 1917 flytta han til Paris og tok kunstnarnamnet Le Corbusier.

SN-bygget teikna av Le Corbusier.

Best kjende verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1912: Villa Jeanneret i Paris
  • 1928: Villa Savoy i Poissy-sur-Seine utanfor Paris
  • 1923: Villa LaRoche i Paris
  • 1924: Pavillon de l'Esprit Nouveau i Paris (øydelagd)
  • 1947–1952 : Bustadblokka Unité d'Habitation i Marseille
  • 1949–1952: SN-hovudkvarteret i New York
  • 1952–1959: Planlegging og bygg i Punjab-hovudstaden Chandigarh

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Le Corbusier
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.