Bressuire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bressuire
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Poitou-Charentes
Deux-Sèvres
Geografi
Flatevidd
 - By

180,59 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

19 356
  98/km²
Koordinatar 46°50′″N 00°29′″WKoordinatar: 46°50′″N 00°29′″W
Høgd over havet 173 m m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 79300

Bressuire er ein by og kommune vest i Frankrike med om lag 20 000 innbyggjarar. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Deux-Sèvres i regionen Poitou-Charentes.

Byen ligg ved elva Dolo, ei sideelv til Argenton. Bressuire har to attraksjonar, kyrkja Notre-Dame, som vart bygd på 1100- og 1400-talet og slottet som vart bygd av herrane av Beaumont, vassalar av vicomten i Thouars. Slottet er i dag ruinar, og delar av det er i dag okkupert av eit moderne château, men ein kan framleis sjå delar av festningsverka. Byen vart mellom anna erobra av engelskmenna og plyndra av franske troppar under du Guesclin i 1370.