Bridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Korthand og korta til blindemannen på bordet under bridgespel.
Foto: Alan Blackburn
Bridgespeling under ein meisterskap.
Foto: Gerhard Elsner

Bridge er eit kortspel for fire spelarar der to og to speler på lag mot kvarandre. Til spelet blir det brukt ein vanleg kortleik med 52 kort. Alle korta blir delt ut slik at kvar spelar sit med 13 kort på handa når spelet tar til. Spelet er ei vidareutvikling av whist, og i si enklaste form kan det minne om kortspelet amerikanar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Spelet har to hovudfasar: Ein auksjon og sjølve speledelen. Under auksjonen byr eller melder spelarane for å fastsette kva kontrakten blir. Kontrakten avgjer kor mange stikk eit par skal ta for å vinne spelet og kva som skal vere trumf. Ein kan og spele utan trumf - grandspel. På engelsk blir grand kalla «no trump» og kortforma (NT) blir ofte brukt i Noreg og, spesielt under spel på nettet. Den som delte ut korta startar bydinga. Bydinga held fram rundt bordet heilt til ingen er villig til å by høgare og alle har passa.

Det lågaste ein kan melde/by er sju stikk, altså eitt meir enn halvparten. I bridge blir det ikkje rekna poeng for det første seks stikka dersom ein er speleførar. Speleføraren er den som skal spele kontrakten. Alle stikk etter dei første seks er såkalla trekk. Det høgaste ein kan melde er sju trekk, altså 13 stikk. Det er ein såkalla storeslem.

Ei melding eller eit bod skal innehalde ei farge og ein trekkverdi. Unntaket er at ein kan doble og redoble om ein trur at kontrakten ikkje er mogleg å spele heim. I bridge er det fire farger pluss grand. Fargene er rangert frå kløver, ruter, hjarter, spar til grand. Ei melding må ha høgare verdi enn den siste. Anten ved å melde like mange trekk i ei høgare rangert farge, eller ved å melde fleire trekk i ei lågare rangert farge.

Auksjonen eller meldefasen tar slutt anten når alle fire spelarane passar i opninga (då blir det ikkje rekna poeng), eller når tre spelarar passar etter kvarandre etter at nokon har opna. Det paret som melde det høgaste eller siste bodet bodet skal spele kontrakten. Spelaren på kontraktslaget som først melde den farga som vart kontrakten, blir speleførar, makkeren til speleføraren blir blindemann. Blindemann sine kort blir lagt opne på bordet slik at alle kan sjå dei. Speleføraren kontrollerer blindemann sine kort. Til dømes, dersom vest delte ut korta kan meldingane gå slik som dette:

Sør Vest Nord Aust
pass 1 hjarter pass
1 spar pass 2 rute doble
3 spar pass 4 spar pass
pass pass

I dette spelet blir Aust og Vest forsvaret og Sør blir speleførar, sidan han melde spar først. Nord blir blindemann, og spar blir trumf.

I bridge er det 35 forskjellige meldingar tilgjengeleg (5 på kvart trekknivå), samt dobling, redobling og pass. Dette mangfaldet av meldingar, samanlikna med andre kortspel, gjer det mogleg å lage avanserte meldesystem som kan skildre ei hand godt. Bridge-spelarar har utvikla et mangfald av konvensjonar (kunstige meldingar) til dette formålet. Ei opning på to kløver betyr i dei fleste meldesystem at ein har ei svært sterk hand med over halvparten av alle honnørane (ess og biletkort), men meldinga seier absolutt ingenting om korta dine i kløver.

Ein kan uavhengig av meldesystem melde kva ein vil i bridge. Men alle avtalane ein har med makkeren om meldesystem og signalisering (saking av kort som fortel noko om styrken di i den farga) skal vere tilgjengeleg for motspelarane.

Denne regelen gjer at bridge blir mindre tilfeldig og meir basert på dyktigheit enn dei fleste andre kortspel.

Speledelen[endre | endre wikiteksten]

Når auksjonen er over og eit av laga har fått kontrakten, startar speledelen. Spelaren til venstre for speleføraren speler ut det første kortet.

Spelet er eit stikkspel lik mange andre spel. Kortfarga i utspelet avgjer kva farge dei andre må spele. Det høgaste kortet vinn stikket. I trumfspel kan alle spelarane legge på ein trumf dersom dei er fri for den utspelte farga. Det høgaste trumfkortet vinn då stikket.

Speledelen blir avslutta når alle 13 stikk er blitt spelt og fordelt.

I konkurransebridge blir den same kortfordelinga spelt av andre spelarar for å kunne samanlikne resultata. Det blir ofte brukt maskinar for å duplisere korta.

Dersom kontrakten blir oppnådd, får kontraktslaget poeng. Dersom kontrakten går beit, er det forsvarslaget som får poenga.

Å melde utgang (det vil seie høgare enn tre i grand, fire i majorfargene hjarter og spar eller fem i minorfargene kløver og ruter) og å klare det gjev ekstra bonus. Det same gjeld vesleslem (6 kløver, ruter, hjarter, spar eller grand, 12 stikk) eller storeslem (7 ruter, hjarter, spar eller grand, alle 13 stikk).

Du må altså melde utgang, vesleslem eller storeslem for å få bonus.

Eitt trekk i kløver og rute er verd 20 poeng, eitt trekk i hjarter og spar er verd 30 poeng, medan i grand er det første trekket verd 40 poeng og dei resterande verd 30 poeng. Ein får utgangsbonus dersom ein melder og klarer ein trekkverdi på 100 poeng. Det vil seie tre grand, fire i hjarter og spar og fem i kløver og ruter. Utgangsbonusen er på 300 poeng utanfor sona. Dersom ein kontrakt blir dobla kan ein oppnå utgang på eit lågare nivå. Dersom to spar blir dobla og speleføraren klarer kontrakten får han dobla trekkverdien og kjem dermed over 100 poeng og han får utgangsbonus. Det er ein eigen bonus for å melde og klare lilleslem eller storeslem.

Rekneskap[endre | endre wikiteksten]

Makkerparet som vinn ein kontrakt, får poeng etter talet på melde og vunne trekk. Når eit makkerpar har vunne ein utgang, er dei i faresonen – Det inneber at dei kan få høgre bonus, men også at eventuelle beiter vil gi motparten fleire poeng. Poengtabellen nedanfor gjeld i utgangspunktet for vanleg robberbridge.

Minorkontrakt Majorkontrakt Grandkontrakt
Udobla Dobla Redobla Udobla Dobla Redobla Udobla Dobla Redobla
Første trekk 20 40 80 30 60 120 40 80 160
Følgjande trekk 20 40 80 30 60 120 30 60 120

Ein total trekkverdi på 100 eller meir gjeld som utgang.

Makkerparet får bonus etter denne tabellen:

Bonus
Utanfor faresona I faresona
Udobla overstikk trekkverdien trekkverdien
Dobla overstikk 100 200
Redobla overstikk 200 400
Dobla eller redobla kontrakt 50 50
Lilleslem 500 750
Storeslem 1000 1500

Det blir berre gitt bonus for utgang eller slem når kontrakten er meld.[1]

Om spilleføraren skulle gå beit, får motparten poeng etter denne tabellen:

Utanfor faresona I faresona
Udobla Dobla Redobla Udobla Dobla Redobla
Første beit 50 100 200 100 200 400
Andre og tredje beiter 50 200 400 100 300 600
Følgjande beiter 50 300 600 100 300 600

Når eit makkerpar har to utgangar, har det vunne ein robber.

Bonus
Robber, motparten i faresona 500
Robber, motparten er ikkje i faresona 700
Avbroten robber, til laget med éin utgang 300

Hjelpemiddel for meldingar og rekneskap i bridge:

Hjelpemiddel for meldingar og rekneskap i bridge

Historia[endre | endre wikiteksten]

Mange kortspel som liknar whist kjenner vi så langt tilbake som tidleg i det 16. hundreåret. Dette var ulike variantar av spel der ein skulle ta stikk. Det er eit utal variasjonar av slike spel. Whist vart etterkvart den dominerande forma.

I følgje Oxford English Dictionary, kjem ordet bridge frå biritch, eit eldre spel frå Midtausten. Den eldste kjente regelsamlinga er frå 1886 og kallar spelet «Biritch, or Russian Whist». Det blir spekulert i Oxford English Dictionary om at ordet kjem frå det Tyrkiske uttrykket bir-üç, eller «ein-tre». Dette skal vise til den eine opne handa og dei tre skjulte. Dette spelet vart populært i vesten på 1890-talet.

Biritch var ulikt whist på fleire punkt: trumffarga vart anten valt av delaren eller han kunne overlate valet til makkeren sin. Korta til delaren sin makker vart alltid lagt på bordet som blindemann, og utdelaren vart alltid speleførar. Det var og andre trekk som finst i moderne bridge, poeng over og under linja, slembonusar og utgang.

I 1904 oppstod auksjonsprinsippet, der andre enn utdelaren kunne få kontrakten. Då vart det og innført straff for å ikkje klare kontrakten.

Den moderne utgåva av kontraktbridge er eit resultat av idear utvikla av Harold Stirling Vanderbilt og andre. Den største endringa var at ein slem måtte meldast for å gje ekstra bonus. Vanderbilt skreiv ned reglane sine i 1925 og i løpet av kort tid fortrengte reglane til Vanderbilt andre former for bridge. Den første offisielle verdsmeisterskapen i bridge vart arrangert i 1937.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bridge

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Erling Wagles Bridgenøkkel, Schibsteds forlag 1979