Kortfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kløverdame

Det er fire «farger» i ein vanleg kortleik. Dei er; spar (♠),hjarter (), ruter () og kløver (♣). Det finst tretten spelekort med kvar av valørane i ein kortstokk.

Tradisjonelle vestlege spelekort, namn på kortfarger i ulike land og språk
Kultur Kortfarge
Anglo-Hispano*-franske kortfarger Hjarter ()
(Cœurs, Corazones Hearts)
Ruter ()
(Carreaux, Diamantes Squares, Diamonds)
Kløver (♣)
(Trèfles, Tréboles Clovers)
Spar (♠)
(Piques, Picas Pikes)
Tyske kortfarger Hjarter (Herz) Herz1.gif Klokker (Schellen) Schellen1.gif Nøtter (Eichel) Eichel1.gif Blad, Gras eller Grøn Laub1.gif
(Laub, Gras eller Grün)
Sveitsertyske kortfarger Roser (Rosen) Klokker (Schellen) Nøtter (Eicheln) Skjold (Schilten)
Italo-spanske* kortfarger Kopp (coppe / copas) Mynt (denari / oros) Klubbe (bastoni / bastos) Sverd (spade / espadas)
Tarotkortfarger Koppar Stjerne, Mynt Tryllestav, Stav Sverd
Unicode svarte symbol
(med HTML koder)
♥ U+2665 (♥) ♦ U+2666 (♦) ♣ U+2663 (♣) ♠ U+2660 (♠)
Unicode kvite symbol ♡ U+2661 ♢ U+2662 ♧ U+2667 ♤ U+2664

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Frankrike tok ein til å masseprodusere spelekort ved hjelp av tresnitt på slutten av 1400-talet. Dei mest kjende produksjonsstadene var byane Rouen og Lyon. Franske kortleikar må òg ha vore tidleg i bruk i Noreg. Allereie i dagboka til Absalon Pederssøn frå Bergen finn ein den 29. november 1565 omtale av ein upopulær og usympatisk skotsk slaktar, med namnet Gilbert, som «en gildt [gjeldet] knecht aff ruder».

Spar[endre | endre wikiteksten]

Sparessen, det høgst rangerte kortet i leiken

Symbolet «♠» var nok opphavleg meint å etterlikne eit lauvblad, noko som var vanleg på tyske kortleikar, men symbolet vart tidleg oppfatta som ein spyd- eller lansespiss. Det franske ordet for spar er «pique» «spyd/lanse». I germanske land vart likevel dette symbolet oppfatta som bladet på ein spade - og i dei fleste germanske språk er ordet for kortfarga og ordet for spade (i fleirtal) identisk. Unnataket er moderne norsk. I tysk og nederlandsk kan kortfargen «spar» omtalast som «Schüppen»/«schoppen» «liten spade/skovl».

spanske kortleikar og tarotleikar nyttar ein symbola «sverd» (spar), «beger» (hjarter), «mynt» (ruter) og «stokkar» (kløver). Det spanske ordet for «sverd» er «espadas», og mange meiner difor at ordet spader/spar kjem frå spansk. Men dette er lite truleg: Spanske kortleikar har vore lite eller ikkje brukt i germanske land - og dei andre kortfargene i germansk har heller ikkje spanske namn. Grunnen til forvirringa er at det latinske ordet «spatha» (bredt slagsverd; vevskei), som er lånt frå gresk «spathe» (flatt trestykke; brei arbeidsreiskap), har same indoeuropeiske rot som det germanske ordet «spade» (spade). Ein kan og leggje til at det spanske ordet for det franske kortsymbolet spar er «picos» - ikkje «espadas».

Hjarter[endre | endre wikiteksten]

Hjarteressen

Symbolet «()» kan ha utvikla seg frå eit beger eller eit lauvblad, noko som var vanlege symbol i eldre kortleikar. Men det vart i alle høve svært tidleg oppfatta som eit hjarta (fransk «coeur») - og det norske ordet «hjarter» er direkte omsett frå fransk.

Ruter[endre | endre wikiteksten]

Ruterkongen

Lyon som var ein av dei viktigaste produksjonsbyane for kortleikar var òg kjend for produksjon, og eksport, av raude, rombeforma golvfliser av teglstein - og det er ikkje usannsynleg at kortsymbolet «ruter» rett og slett skal vere ei slik golvflis. Det franske ordet for ruter er «carreux» (rute, liten firkant) - og det kan også tyde «golvflis, teglsteinsplate».

Dette blir støtta av at det islandske ordet for «ruter» - er «tigull» «tegl, teglsten; rombeformet gulvplate av tegl». Island tok tidleg til med å importere franske kortleikar. Allereie på byrjinga av 1500-talet (fyrste sikre kjelde er frå 1521) og når dei omsette det franske ordet «carreux» med «tigull» så kunne no dette skuldast at tolkinga av denne figuren på denne tida framleis var allment kjent.

På norsk vart det franske ordet «carreux» direkte omsett til ruter. Men i engelsk og spansk har ein oppfatta denne figuren som ein diamant (engelsk «diamonds» - spansk «diamantes»).

Kløver[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg at kortfiguren «♣» opphavleg var meint å vise ei klase med tre eikenøtter, dette symbolet var vanleg på tyske og sveitsiske kortleikar. Symbolet vart i alle høve svært tidleg oppfatta som ein trekløver (fransk «trèfle» trekløver) - og det norske ordet «kløver» vart direkte omsett frå fransk.

I engelsk nyttar ein «clubs» (klubber) om kortfarga - i staden for «clovers» (trekløver). Grunnen til dette er noko uklar.

Rangering[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia rekna ein opphavleg hjarter for å vere den høgaste kortfarga, og på 1700- og 1800-talet var det vanleg å lage kortleikar der kortfargene representerte dei fire verdsdelane: hjarter for Europa, ruter for Asia, kløver for Afrika og spar for Amerika. Australia vart ikkje rekna som ein eigen verdsdel på den tida. Men når ein brukte slike kortleikar i USA rekna dei sjølvsagt spar for å vere den høgaste kortfarga. Og sidan fleire av dei mest kjende kortspela har opphav i USA (ikkje minst bridge og poker) har dette ført til ein generell internasjonal aksept for at spar skal rangerast som den høgaste kortfarga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]