Brigade
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For den norske TV-serien som gjekk i 2002-2003, sjå Brigaden (TV-serie)
Ein brigade er ei større militæravdeling, eit militært forband, som ofte består av fleire bataljonar eller regiment. Det er ikkje nokon fast storleik på ein brigade. Ordet kjem frå det italienske ordet brigata (strid). Ein skil mellom sjølvstendige og usjølvstendige brigadar. Ein sjølvstendig brigade har fått lagt under seg dei støttefunksjonane som den treng sjølv av logistikk, artilleri og anna støtte. Ein usjølvstendig brigade treng ei overordna eining, ein divisjon, som kan bidra med støtte.
Den amerikanske Norway Air-Landed Marine Ground Task Force (NALMAGTF) er eit førehandslagra utstyrslager på brigadenivå. Kvart tredje år blir øvinga Battle Griffin halden for å øve dette utstyret.
|
Militære einingar
|
|
|---|---|
| Korps · Divisjon · Brigade · Regiment · Bataljon · Kompani · Tropp · Lag Armégruppe · Armé · Batteri · Eskadre · Eskadron · Skvadron · Ving |