Armégruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slik blir ei armégruppe vist på feltkartet

Ei armégruppe er eit stort militært forband i ein hær, som består av to eller fleire armear og som i utgangspunktet er sjølvforsynt på ubestemt tid. Armégrupper får vanlegvis ei nummer (for eksempel 21. armégruppe) eller ein beskrivande tittel (for eksempel Armégruppe Syd). Ei armégruppe har vanlegvis ansvaret for alle militære operasjonar i eit bestemt geografisk område, eventuelt ein heil front. Omgrepet har vore brukt i Tyskland, Storbritannia og USA; i Sovjetunionen blei omgrepet front brukt i staden. Ei armégruppe blir gjerne leia av ein feltmarskalk.

Kjende armégrupper[endre | endre wikiteksten]