Brotet på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brotet
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Brotet er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Brotet og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

I tidlege kjelder vart garden kalla Sturen og han vart første gong nemnd i 1640. Namnet Sturen kjem av stoð og tyder «stolpe» eller «høgd». Namnet har same opphav som nabogarden Stuberg, og kan derfor ha vorte skild ut frå denne. Namnet Brotet vart første gong nemnd i 1746, men dei to namna vart nytta om ein annan dei neste hundre åra. Namnet Brotet kjem truleg av det gammalnorske «brot», som tyder brink eller bratt helling.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Kjelder i tekst[endre | endre wikiteksten]

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 426.