Hordaland fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Hordaland» omdirigerer hit. For avisa med same namn, sjå avisa Hordaland.
Hordaland fylke
Våpen Kart
Adm.senter Bergen
Areal 000000000015436.640000000015 436,64 km²
Folkemengd 511 357 (1. januar 2015)
Nettstad www.hordaland.no
Politikk
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, H (2014)
Fylkesmann Lars Sponheim
Målform Nynorsk
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Hordaland fylke.svg
Hordaland fylke på Commons

Hordaland fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som ligg på Vestlandet mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Telemark og Buskerud.

Hordaland fylke vert ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland er det einaste norske fylket der alle kommunane har grenser til hav. Bergen er den største byen i fylket og er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket er Leirvik og Odda.

Fylkesvåpenet til Hordaland fylke er to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet er laga etter eit segl funne etter OlavsgildetOnarheimTysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Hordaland har opphavleg vore namnet på dei ytre delane av det noverande fylket; Hardanger og Voss låg såleis utanfor Hordaland. I den fyrste amtsinndelinga frå tidleg i 1660-åra utgjorde Halsnøy kloster og Hardanger eit eige amt i den sørlege delen av det noverande Hordaland, medan resten av fylket saman med Sogn og Fjordane høyrde til Bergen stiftsamt. Dagens grenser fekk Hordaland i 1763, då amta Søndre Bergenhus og Nordre Bergenhus, som svarar til dei noverande fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, vart oppretta. Sørgrensa til Hordaland vart endra i 2002, då Ølen kommune vart ført over til Rogaland.

Bergen by gjekk inn i Hordaland fylke i samband med store kommunesamanslutninger i 1972. Dei tidlegare kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slått saman til nye Bergen kommune. Frå same tid vart det slutt på at Bergen var eige fylke.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Hordaland var i norrøn tid kjend som Hǫrðafýlki. Før 1919 var namnet på Hordaland fylke "Søndre Bergenhus amt". Namnet "Hordaland" kjem av folkenamnet Hǫrðar. Hǫrðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud. "Harudane" tyder altså skogfolket. Det norske namnet var hordane. Namn som Hordnes, Hordvik og Hordamuseet kjem av folket hordane.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Med rådande vind frå vest eller sørvest, vert det ført inn mykje mild og fuktig luft over fylket, noko som gjev eit temperert kystklima med mykje nedbør, særleg i kystnære strøk. Dei høge fjella skjermar dei indre områda mot påverknad frå havet, medan fjordar med temperert vatn hindrar vinterkulden, sjølv langt borte frå kysten.

Vindforholda er prega av terrenget, særleg i låglandet, medan vestavinden dominerer i høgfjellet året rundt. Om vinteren bles det ofte utfallsvind gjennom dalar og fjordar, medan det ved kysten ofte bles mellom sør og aust. Liten kuling eller meir ved kysten har ein kring 10 % av tida. I finvêr om sommaren kan solgangsbrisen gje ettermiddagsvind frå nordvest eller nord.

Januar og februar er dei kaldaste månadane med kring 2 °C ved kysten, men sjølv dei indre fjordstrøka har ikkje særleg under 0 °C. Innlandet har kring −5 °C, medan høgfjellet i aust har ned mot kring −10 °C. Kulderekordane er frå −10 °C til −15 °C ved kysten, til −25 °C til −35 °C i dalstrøka og i høgfjellet. Middeltemperaturane for juli er 14–16 °C, men temperaturen fell med høgda til kring 10 °C i 1000 m o.h. Varmerekorden i låglandet er kring 32 °C, medan ein i høgfjellet har hatt opp mot 20–25 °C.

Hordaland et er eit av fylka i landet som får mest nedbør med ein årsnedbør kring 1500 mm ved kysten og over 3000 mm i ei maksimalsone kring 50 km frå kysten. Vidare austover minkar så nedbøren til kring 1000 mm lengst aust. Hausten er typisk den våtaste tida av året, medan mai er den tørraste. Det er vanleg med lokale ettermiddagsbyer om sommaren i indre strøk, men det meste av nedbøren kjem i samband med frontar og byevêr frå vest.

Årsmiddelet for tåke ved kysten er 2-3 %, og mest tåke er det om våren og sommaren. I dalstrøka kan ein få lokal strålingståke og frostrøyk om hausten og vinteren. I høgfjellet har ein tåke kring 2-5 % av tida og mest om hausten og vinteren.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1201 Bergen kommune Bergen Bergen 000000000275112.0000000000275 112 000000000000466.0000000000466 Nøytral Midhordland
1211 Etne kommune Etne Etnesjøen 000000000004103.00000000004 103 000000000000735.0000000000735 Nynorsk Sunnhordland
1216 Sveio kommune Sveio Sveio 000000000005509.00000000005 509 000000000000246.0000000000246 Nynorsk Sunnhordland
1219 Bømlo kommune Bømlo Svortland 000000000011761.000000000011 761 000000000000246.0000000000246 Nynorsk Sunnhordland
1221 Stord kommune Stord Leirvik 000000000018685.000000000018 685 000000000000144.0000000000144 Nynorsk Sunnhordland
1222 Fitjar kommune Fitjar Fitjar 000000000003093.00000000003 093 000000000000142.0000000000142 Nynorsk Sunnhordland
1223 Tysnes kommune Tysnes Uggdal 000000000002782.00000000002 782 000000000000255.0000000000255 Nynorsk Sunnhordland
1224 Kvinnherad kommune Kvinnherad Rosendal 000000000013234.000000000013 234 000000000001128.00000000001 128 Nynorsk Sunnhordland
1227 Jondal kommune Jondal Jondal 000000000001100.00000000001 100 000000000000210.0000000000210 Nynorsk Hardanger
1228 Odda kommune Odda Odda 000000000006952.00000000006 952 000000000001616.00000000001 616 Nøytral Hardanger
1231 Ullensvang herad Ullensvang Kinsarvik 000000000003411.00000000003 411 000000000001399.00000000001 399 Nynorsk Hardanger
1232 Eidfjord kommune Eidfjord Eidfjord 000000000000950.0000000000950 000000000001492.00000000001 492 Nynorsk Hardanger
1233 Ulvik herad Ulvik Ulvik 000000000001107.00000000001 107 000000000000721.0000000000721 Nynorsk Hardanger
1234 Granvin herad Granvin Granvin 000000000000921.0000000000921 000000000000213.0000000000213 Nynorsk Hardanger
1235 Voss kommune Voss Vossavangen 000000000014347.000000000014 347 000000000001806.00000000001 806 Nynorsk Voss
1238 Kvam herad Kvam Norheimsund 000000000008539.00000000008 539 000000000000617.0000000000617 Nynorsk Hardanger
1241 Fusa kommune Fusa Eikelandsosen 000000000003838.00000000003 838 000000000000378.0000000000378 Nynorsk Midhordland
1242 Samnanger kommune Samnanger Tysse 000000000002443.00000000002 443 000000000000269.0000000000269 Nynorsk Midhordland
1243 Os i Hordaland Os Osøyro 000000000019097.000000000019 097 000000000000140.0000000000140 Nynorsk Midhordland
1244 Austevoll kommune Austevoll Storebø 000000000005012.00000000005 012 000000000000117.0000000000117 Nynorsk Midhordland
1245 Sund kommune Sund Skogsvåg 000000000006752.00000000006 752 000000000000100.0000000000100 Nynorsk Midhordland
1246 Fjell kommune Fjell Straume 000000000024427.000000000024 427 000000000000148.0000000000148 Nynorsk Midhordland
1247 Askøy kommune Askøy Kleppestø 000000000027858.000000000027 858 000000000000101.0000000000101 Nøytral Midhordland
1251 Vaksdal kommune Vaksdal Dale 000000000004096.00000000004 096 000000000000716.0000000000716 Nynorsk Nordhordland
1252 Modalen kommune Modalen Mo 000000000000378.0000000000378 000000000000412.0000000000412 Nynorsk Nordhordland
1253 Osterøy kommune Osterøy Lonevåg 000000000007842.00000000007 842 000000000000255.0000000000255 Nynorsk Nordhordland
1256 Meland kommune Meland Frekhaug 000000000007736.00000000007 736 000000000000093.000000000093 Nynorsk Nordhordland
1259 Øygarden kommune Øygarden Tjeldstø 000000000004733.00000000004 733 000000000000067.000000000067 Nynorsk Midhordland
1260 Radøy kommune Radøy Manger 000000000005014.00000000005 014 000000000000112.0000000000112 Nynorsk Nordhordland
1261 Lindås kommune Lindås Knarvik 000000000015402.000000000015 402 000000000000476.0000000000476 Nynorsk Nordhordland
1264 Austrheim kommune Austrheim Årås 000000000002856.00000000002 856 000000000000057.000000000057 Nynorsk Nordhordland
1265 Fedje kommune Fedje Fedje 000000000000563.0000000000563 000000000000009.00000000009 Nynorsk Nordhordland
1266 Masfjorden kommune Masfjorden Masfjordnes 000000000001704.00000000001 704 000000000000556.0000000000556 Nynorsk Nordhordland
Totalt Hordaland våpen.svg Hordaland Bergen 000000000511357.0000000000511 357 000000000015440.000000000015 440 Nynorsk Hordaland

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7
  • Helland-Hansen, William (red): Naturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 2004. ISBN 82-7326-061-5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]