Fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylke eller fylkeskommunar er regionale administrative område med eit visst sjølvstyre i Noreg. Eit fylke vert delt inn i mindre kommunar. Tidlegare blei fylka kalla amt.
Noreg har 19 fylke. Dette talet har nesten ikkje endra seg sidan 1919; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen sidan den tid er Bergen. Det er ein diskusjon om å gjera fylka om til større regionar, anten fem, sju eller ni i heile landet. Regjeringa konkluderte i 2008 at det ikkje burde gjerast slike endringar..
Innhaldsliste |
[endre] Funksjon
I dag steller fylkeskommunen med mellom anna vidaregåande utdanning, barnevern, offentleg tannhelse, kultur og regional utvikling. Dei byggjer og styrer vidaregåande skular og fylkesvegar.
Sjukehusa høyrde tidlegare til under fylkeskommunen, men blir i dag styrt av statlege regionale helseforetak.
[endre] Historie
Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa ved formannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane.
Nemninga «fylke» vart nytta i mellomalderen, men vart erstatta med «syssel», som seinare vart kalla «len». Frå 1662 til 1918 var nemninga «amt», men 1. januar 1919 vart amta gjort om til fylke.
[endre] Styre
Fylkeskommunanen er styrte av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Desse er som regel samla i ein fylkeshovudstad. Fylkestinget blir valt inn direkte av innbyggjarane i fylket ved kommune- og fylkestingsval. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane. Fire fylke har innført fylkeskommunal parlamentarisme.
Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.
Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. I 1976 vart det innført direkte val til fylkestinget.
[endre] Bakgrunnsstoff
|