Buekorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Representantar for buekorpsa i Bergen.
Brukt med løyve frå Buekorpsene.com.

Buekorps er ein organisasjon for og av born, der eksersis, marsjering, idrett, turar og utflukter er vesentlege element og der offiserane er til støtte for dei unge soldatane.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fellesutmarsj Markens og Mathismarkens Bataljonar

Buekorps blei skipa på midten av 1800-talet i mange byar, men i dag finst dei berre i Bergen. Alle andre stader har dei forsvunne.

Buekorps blir styrte av borna sjølve, gjennom rådet, som består av sjefen og offiserane. Rådet blir valt av alle medlemmene på demokratisk vis i nokre buekorps, i andre er det i følgje tradisjonen det førre rådet som vel sine etterfølgjarar. Buekorpsa er nøytrale når det gjeld politikk, religion og etnisk tilknyting, og der finn ein born med ulik hudfarge og ulik bakgrunn.

Det er vanleg å skilje mellom laurdagskorps, dei som tradisjonelt ekserserte på laurdagane, og søndagskorps som ekserserte på søndagane. Laurdagskorpsa var gutar frå betrestilte familier, desse kunne få fri på laurdagar. Søndagskorpsa bestod av gutar frå allmugen som måtte arbeide på laurdagane.

Skiljet mellom rik og fattig er borte for lenge sidan. Ein finn difor born frå alle samfunnsklasser i alle buekorpsa. Skilje som ein gong var av samfunnsmessig art er i dag berre geografisk, men den geografiske tilknytinga er sterk og buekorpset er nabolagets stoltheit.

Borgervæpninga slik den såg ut i 1814

Buekorps er eit kulturminne, ein kulturtradisjon med rot i Borgervæpninga, som har overlevd i Bergen. Buekorpsa har halde på Borgervæpninga sine soldatar, offiserar og trommeslagararar men no er det berre ein imitasjonsleik.

Borgervæpninga har røter tilbake til 14001500-talet. Til sin eksersis vart den i 1599 gitt Engen til mønstringsplass av Christian IV.

Borgervæpninga hadde ei dobbel oppgåve: i fredstid skulle den vere politi, og i krigstid forsvare byen.

Borgervæpninga har eksersis på Engen

I 1646 var borgervæpninga inndelt i åtte kompanier og kvart kompani hadde tre såkalla korporalskapar. Denne inndelinga svarte til Bergens 24 roder, ei oppdeling byen fekk allereie i 1596. Tilhaldsstaden var Corps de Garde, der hadde dei utsikt over byen.

Borgervæpninga var aldri nokon elitestyrke med stor militære oppgåver og kjennskap. Dei ikkje-militære oppgåvene, som å halde Vågen isfri om vinteren og å vere brannvakt i ein by fylt av trehus, var like viktige. På desse rundane var ei av oppgåvene å passe på at byens vektarar var på plassane sine, ta hand om fulle personar og å hjelpe til med ro og orden.

Borgervæpninga vart samla kvar sommar til eksersis. Denne skal ha blitt halden på Engen, på Aarstadsletten og på Sydneshaugen om lag der Johanneskirken ligg i dag.

Fellesaksjon til inntekt for flaumoffer

Gutar, som hadde fedre i borgervæpningen, begynte å etterlikne eksersisen i leiken sin. I dag har Gamlekarane ei liknande oppgåve; overvake at tradisjonen ikkje blir broten og å hjelpe til med det gutane måtte trenge hjelp til.

Kva buekorps som er eldst, er eit heitt diskusjonstema. Skutevikens Buekorps fann for nokre år sidan ei gammal fane med påskrifta 1853 og dei hevdar difor at dei er eldst. Dræggens Buekorps har skrivne kjelder som daterer buekorpset til 1856. Stiftinga av Dræggens gjorde at fleire ønskte eit buekorps og dei neste åra blei mange stifta. Kvar guteflokk hadde esine gater og allmenningr, og i kvart av dsse strøka blei korps stifta. Det blir hevda at terrengforholda i Bergen var ein av grunnaene til at skiljet mellom dei forskjellige strøka var så sterkt.

Buekorps har tradisjonelt vore berre for gutar. I 1991 blei det første jentekorpset danna. I 2005 finst det tolv gutekorps, to jentekorps og eitt blandingskorps med både gutar og jenter.

Buekorpsa[endre | endre wikiteksten]

Utdeling av heidersteikn

Sesongen[endre | endre wikiteksten]

Dræggens buekorps og kommandanten på Bergenhus festning

Buekorpsa er mest aktive om våren, og dei er eit vårteikn for bergensarane. Hausten blir bruka til å førebu neste sesong, og til val, rekruttering og verving. Kvart korps prøver å få gutar og jenter til å begynne, og det er konkurranse om flest nybegynnarar.

Tradisjonelt er medlemmer i buekorps blitt rekrutterte frå der dei heldt til, kvar bydel rekrutterte til «sitt» buekorps og strøksidentiteten var sterk. Men då folk begynte å flytte til nye bydelar, slik som Fyllingsdalen forsvann noko av rekrutteringsgrunnlaget og talet på medlemmer i buekorpsa sokk drastisk. No blir barna verva på skolar, kjøpesenter og i kameratgjengen.

Slagarkonkurranse

Den første dagen i uniform om våren er spesiell, spørsmålet er, kven er byens største buekorps. I nokre bydelar er dette populært mens andre nok synest det blir mykje bråk og tromming. Eit problem er at nokre buekorps har tilhaldstad like ved Universitetet i Bergen og tromminga kan forstyrre ein del studentar i lesinga.

Kameratskap og felleskap er viktigast, og nokre korps har eigne hytter der medlemmene overnattar med offiserar som ansvarlege.

Idrett har en stor plass og buekorps har idrettsdagar der barna konkurrerer i friidrett og bogeskyting. Det blir berre kåra vinnar, andre- og tredjeplass, for i buekorpsa er det viktigaste å vere med.

Dei held også eigne fotballturneringar. Korpsa er inndelte i pelotongar og turneringane er mellom dei. Det hender også at offiserar speler mot gamlekarane.

Dei fleste buekorpsa samarbeider også med eit par andre korps, så det blir danna alliansar. Det er vanlag å ha ein idrettsdag saman med samarbeidspartane i alliansen der ein konkurrerer om å bli beste buekorps. i Nokre gonger blir det arrangert turneringar for alle buekorpsa. Ett buekorps disponerer eit større område utanfor Bergen sentrum med fleire hytter og fotballbane, der er det mogleg å halde slike turneringar. Dette er med på å styrkje samhaldet mellom barn frå ulike delar av byen.

Frå Nordnæsdalen

Den største dagen i sesongen er stiftingsdagen. I nokre bydelar er det nesten som bydelens nasjonaldag og det blir flagga frå alle hus.

Alle buekorpsa har sine tradisjonar når dei skal feire stiftingssdagen. Det er vanleg å heidre stiftarane av korpset med blomstrar, kransar og/eller talar. Nokrekorps har faste plassar i bydelen der stiftarane budde og dei stoppr ved huset og held talar. Dette skjer også 17. mai. På ettermiddagen stiller korpset i galla og blir møtt av gamlekarane. Nokre buekorps har eigne musikkkorps med gamlekarar og eigne marsjar.

17.mai stiller alle buekorpsa i Barnetoget som er ein av to prosesjonar som går parallelt.

Sesongen blir avslutta med ein langturdag, og med utdeling av pokalar til dei som er best i idrett og buekorpsaktivitetar. Denne dagen blir det også delt ut heidersteikn, medaljer og ordenar. Buekorpsordenar heng høgt og det er rekna for ei stor ære å motta ein orden.

Ein del buekorps har lengre turar etter at sesongen er over. Turane går til andre norske byar og til andre land. Ein av dei lengste turene har vore til Seattle der Nordnæs Bataillon deltok i ein parade for nokre år sidan.

Buekorpsenes Dag[endre | endre wikiteksten]

Buekorpsenes Dag er ei feiring av buekorpsrørsla. Dagen blir feira kvart fjerde år og kan kallast eit slags Buekorps OL. Her blir beste faneberar og trommeslagar kåra. Det er også ein dag då alle buekorpsa marsjerer saman gjennom Bergen sentrum saman med gamlekarar som ber dei gamle korpsfanene.

Eit forsøk på å lage ein slik dag blei gjort i 1946 men var då ikkje vellykka, men til Bergens 900-årsjubileum i 1970 blei tanken igjen lansert og sidan har dagen vore feira kvart fjerde år. Dagen blir administrert av sjefsrådet som er sett saman av sjefane i byens buekorps. Dei bruker å oppnemne ein hovudkomite som består av nokre aktive og nokre eldre buekorpsgutar for å få hjelp til å gjennomføre dagen.

Buekorps under marsj[endre | endre wikiteksten]

Godt å få hjelp på ein lang marsjdag

Eit buekorps er vanlegvis inndelt slik under marsj:

Marsjering og eksersis blir oppfatta som to forskjellige ting i buekorps.

Fremst kjem sjefen med ein adjutant attmed seg. Val av sjef varierer litt fra korps til korps. Mest demokratisk er Dræggens, der gutane vel sjef på landturdagen, hos andre blir sjefen vald av rådet som består av offiserene.

Bak sjefen finn vi faneberaren med fana. Han er assistert av fanegarden under marsj. I laurdagskorpsa er det fire eller fem i fanegarden, i andre korps kan talet variere.

Så kjem dei to første pelotongane. som utgjer første kompani, slagarane og dei to siste pelotongane som er andre kompani.

Pelotongane blir leidde av ein offiser, i laurdagskorpsa blir dei kalla løytnant, i andre korps sideoffisar. Leiaren for den fremste pelotongen i kvart kompani blir kalla 1. og 2. kompanisjef. Desse går vanlegvis på buekorpsets venstre side utanfor sin pelotong. Slagargjengen blir leidd av tamburmajoren.

Offiserene har hjelp av troppssjefen, som som går framfor kvar pelotong, og halvtroppen, som går midt inne i pelotongen. Kvart kompani har to sistesoldatar. Slagarane har ein oppslagar. Alle desse blir rekna som underoffiserar og blir valde av rådet.

Dei meinige og underoffiserane ber boger (armbrøstar) eller rifler, og offiserane har sablar. Nokre korps har også hellebard- eller økseberar og hornblåsarar. Slagarane, tambur og oppslagar har trommer. Nokre korps har ein stokkeberar som går framfor slagarane.

Framtida[endre | endre wikiteksten]

Ein rævadilter (ein som er for ung til å gå i buekorpset).
Brukt med løyve frå Buekorpsene.com.

Buekorps har hatt varierande oppslutning sidan dei første blei etablerte for rundt 150 år sidan. Dei fleste korpsa var store i 1930- og 1940-åra, då kunne dei ha rundt 200 soldatar. Under andre verdskrigen var det nesten ingen buekorpsaktivitetar. Dei blei sedde på som norske og nasjonalistiske av tyskarane. Mange buekorpsgutar deltok i motstandskamp og fleire korps har minnesmerke over falne medlemmer.

Etter krigen var buekorpsa tilbake og dei var på sitt største. Problemet blei no å få tak i effektar og uniformer til det store talet soldatar.

Seineae opplevde buekorpsa ei nedgangstid på 1960- og 1970-talet då byen voks ut i drabantbyane og dei nye bydelane. Dette gjorde at ein del korps blei nedlagde.

I 1980- og 1990-åra har buekorpsene hatt litt oppsving, mens ein dei siste åra igjen har slite med verving og rekruttering.

I 2005 var det ca. 600 gutar og jenter i buekorpsa. Det største korpset var Nordnæs med ca. 120 innmelde.

I 2003 kunne Skutevikens Buekorps feire sitt 150 års jubileum. Dei neste åra vil fleire buekorps kunne feire 150 års jubileum, først Dræggens i 2006, følgt av Fjeldets, Nygards og Sandvikens i 2007 og Nordnæs i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

1–14 individuelle websider for dei enkelte buekorpsa

Lenker og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Om de enkelte korpsene

  • Bing, Kristian mfl. Nordnæsboken, Nordnæs Buecorps og Bataillon 1858–1983, Bergen 1983, ISBN 82-991007-0-4
  • Knutsen, Sverre Tandstad; Når i den lyse vår, Dræggens buekorps 1981–2006 Bergen 2006 ISBN 82-7128-400-2
  • Dei aller fleste av korpsa har utgitt beretningar om historia si, om enn ikkje like omfattande som Nordnæsboken på 450 sider. Sjå søket i bibliotekkatalogen