Buffalo i New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buffalo i New York
Downtown Buffalo05.JPG
Styresmakter
Land
Delstat
Fylke
USA
New York
Erie
Grunnlagd 1790
Mayor Byron Brown (Demokrat)
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

1 254 066
  2,782/km²
272 632
Høgd over havet 183 m
Diverse anna
Nettstad: www.city-buffalo.com

Buffalo er den nest største byen i den amerikanske delstaten New York. Byen ligg i den vestlege delen av delstaten. Byen ligg ved kysten av Eriesjøen sør for Niagaraelva som forbinder Eriesjøen med Ontariosjøen. Staden er kjent for å vera heimstaden til NFL-laget Buffalo Bills og NHL-laget Buffalo Sabres.

25% av eksport og import som foregår mellom USA og Canada kjem gjennom denne byen. Universitetet i Buffalo blei etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, blei fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo State University of New York at Buffalo, eller «UB» på folkemunne, med sine 28.192 studentar (2008) og forskningsmidlar på USD 323.000.000 (2007), flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Buffalo har vore bebudd både av franskmenn og engelskmenn. Franskmennene kom til Buffalo i 1758 og slo seg ned. Byen blei grunnlagt i 1790, men i 1812 blei han brent ned av engelskmenn.

Millard Fillmore, den 13. presidenten i USA, blei født i Buffalo i 1800.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]