Eriesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eriesjøen
Eriesjøen - Soloppgang over Eriesjøen nær Cleveland
Soloppgang over Eriesjøen nær Cleveland
Stad Grensa mellom Canada og USA
Koordinatar 42°30′N 81°00′W
Tilsig Detroit River
Utsig Niagara River
Tilknytte land Canada og USA
Største lengde 388 km
Største breidde 92 km
Overflateareal 25 745km²
Middeldjupne 19 m
Største djupne 64 m
Vassvolum 484 km³
Hydraulisk opphaldstid 2,6 år
Kystlengd1 4385 km
Høgd over havet 174 m
Øyar 24+
Busetnadar Buffalo
Erie
Toledo
Monroe
Cleveland
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km2 og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.

Sjøen er kalla opp etter irokesarstammen erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.

Kart over Eriesjøen (mørkblå) og dei andre store sjøane

Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.

Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eriesjøen