Buffy the Vampire Slayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Buffy the Vampire Slayer, også kjent som Buffy, vampyrenes skrekk på norsk, er ein amerikansk TV-serie som gjekk frå 1996 til 2003. Serien blanda tradisjonelle skrekkfilmelement med typiske amerikanske ungdomsseriar. Serien var laga av Joss Whedon og produsert av 20th Century Fox. Han er lauseleg knytt til filmen med same namn frå 1980-talet med Christy Swanson i hovudrolla.

Emne[endre | endre wikiteksten]

Serien tek for seg livet til ei ung jente, Buffy Summers (Sarah Michelle Gellar), som er peikt ut til å vere vampyrjegeren for sin generasjon. Ho kjem til ein ny skole i den vesle byen Sunnydale, der ho straks vert teken vare på av ein vaktar, Rupert Giles (Anthony Stewart Head). Plikta hennar er å «stå einsam mot mørkekreftene» og om naudsynt ofre livet for å redde verda. Samstundes ønskjer Buffy å vera ei vanleg tenåringsjente med vanlege interesser.

På skolen vert ho vener med den intellektuelle og noko blyge Willow Rosenberg (Allyson Hannigan) og taparen Xander Harris (Nicholas Brendon), som med tida hjelper Buffy utor ei rekkje kniper og stundom bergar livet hennar. Med tida utviklar Willow trolldomskrefter og vert ei dugande heks. Venekrinsen til Buffy er kalla Scooby-gjengen frå sesong to og utover. Dette er ein kommentar til serien Scooby Doo, der Sarah Michelle Gellar hadde gjeve stemme til ein av rollefigurane.

Hovudfienden til Buffy er vampyrane som det kryr av i den vesle byen Sunnydale. Byen er tilfeldigvis lagt over ei opning til Helvete, og syd av merkelege hendingar. Ein vampyr, Angel (David Boreanaz), kjem inn som rådgjevar og ven for Buffy, og med tida vert han kjærasten hennar. Skilnaden på han og dei andre er at han har ei sjel. Elles kjempar Buffy mot alle slag vette, demonar og ulike former for utyske frå underverda.

Lagnaden til Angel vert fortald i avleggarserien med same namn, som ofte kryssar med handlinga i serien om Buffy.

Sjå òg Rolleliste for Buffy the vampire slayer.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Verda Buffy bur i er kalla buffyverset. Mytologien er tufta mykje på gamalt folkeminne og segner, men óg på verka til mellom andre H. P. Lovecraft. Som hjå Lovecraft har buffyverset ei opphavssegn om «dei gamle», The Old Ones, som trødde jorda før menneska vart skapte. Desse var «reine demonar», og dei fleste av dei fór av eller vart drepne før menneska kom. Ein av desse blanda blod med eit menneske, og slik vart den første vampyren til. Vampyrane er rekna som lengst nede på rangstigen for demonane, ureine skapnader som lever av menneskeblod og som skaper nye vampyrar ved å byte blod med dei menneska dei drikk av. Tidleg i menneskesoga vart det sett opp ei ordning: Kvar ættled skal ha ein vampyrjeger, alltid ei ung jente, som vert utvald til å slåst mot dei. Når ein jeger døyr, vert ein ny kalla. «Vaktarrådet» vart sett opp for å finne dei potensielle jegerane, som får ein vaktar til hjelp for seg. Buffy er den første som bryt reglane i dette spelet, av di ho har vener som stør henne, og difor kjem det brått inn meir enn éin jeger (Først Kendra Young (Bianca Lawson) i andre sesongen, og sidan Faith Lehane (Eliza Dushku) frå tredje sesong og ut), og ved hjelp av Willow sørgjer Buffy for å endre spelet heilt på slutten av serien.

I buffyverset er det og plass til trollkyndige og heksekunstar. Vaktarene er som regel trollkyndige.

Sesongane[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Buffy kjem til ein ny skole etter å ha sprengt gymsalen i lufta på den gamle (den var full av vampyrar). Hovudfienden denne sesongen er ein eldgamal vampyr kalla Meisteren (spela av Mark Metcalfe), som sit fast i helvetesholet. Buffy vert hugteken i vampyren Angel (David Boreanaz), som har fått sjela si attende. Buffy døyr ei stutt tid og vert vekt opp att av Xander. Dette kallar den neste jegeren, Kendra, til byen i sesongen etter.

Scooby-gjengen i sesong 1: Buffy, Willow, Xander, Giles, Angel, og mot slutten Cordelia Chase (Charisma Carpenter) og læraren Jenny Calendar (Robia laMorte).

Sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Vampyrane Spike (James Marsters) og Drusilla (Juliet Landau) slår seg til i Sunnydale. Angel misser sjela si og vert vondhuga. Buffy lyt kjempe mot den ho i røynda elskar, for å redde verda. Willow utvikler trolldomskunne. Kendra vert drepen av Drusilla, og Faith får kallinga.

Scooby-gjengen i sesong to: Buffy, Willow, Xander, Giles, Cordelia, og kjærasten til Willow, Oz (spela av Seth Green). Angel fell naturleg nok ut frå midten av sesongen, og går saman med Spike og Drusilla. Jenny Calendar vert drepen av Angelus midtvegs i sesongen.

Sesong 3[endre | endre wikiteksten]

Ein ny jeger, Faith Lehane, syner seg i byen, og er det motsette av Buffy på mange vis. Hovudskurken i sesongen er borgarmeisteren i byen, som planlegg ei avsluttande forvandling til demon-form. Buffy stansar han i samarbeid med heile avgangsklassa 1999.

Scooby-gjengen i tredje sesong: Som i andre sesong, med tillegga Angel og Faith (Eliza Dushku). Sesongen markerer avreisa for Cordelia og Angel. Eksdemonen Anya Jenkins (Emma Caulfield) slår lag med gjengen frå sesong 3 og ut.

Sesong 4[endre | endre wikiteksten]

Buffy og venene byrjar på universitetet. Spike dukkar opp att, og Buffy tek opp kampen med The initiative, ein dekkoperasjon for å skape super-soldatar. The Initiative pasifiserar Spike og gjer han harmlaus. Verknaden er at han lyt slåst med andre vampyrar for å halde seg i form. Willow skiftar legning og vert lesbisk.

Scooby-gjengen i fjerde sesong: Buffy, Willow, Xander, Giles, Riley Finn, kjærasten til Buffy (spela av Mark Blucas), med tida også Tara Maclay, kjærasten til Willow (spela av Amber Benson), og ein ufarleggjort Spike. Seth Green slutta av si rolle som Oz midtvegs i sesongen.

Sesong 5[endre | endre wikiteksten]

Buffy får uventa ei yngre søster, Dawn, (spela av Michelle Trachtenberg), som i røynda er ein nykel, skapt som ei ung jente under verja til vampyrjegeren. Ei gamal vondskapsgudinne, Glory, er ute etter Dawn, og verda vert berga ved at Buffy ofrar livet sitt. Spike oppdagar at han elskar henne. I denne sesongen døyr mor til Buffy, Joyce, av ein hjernesvulst. Joyce Summers er spela av Christine Sutherland.

Scooby-gjengen i femte sesong: Dei fire faste, Tara, Spike, Riley og Dawn.

Sesong 6[endre | endre wikiteksten]

Willow vekkjer Buffy frå dei daude, og strevar med å koma overeins med makta si. Ho vert avhengig av trollkreftene sine, og kjempar for å styre seg. Då kjærasten hennar, Tara McLay, (Amber Benson), vert skoten i ei ulukke, hemner Willow seg på drapsmannen og vert vondhuga ei tid. Berre kjærleiken frå den eldste venen hennar, Xander, hindrar verda i å gå under. Spike provar kjærleiken sin til Buffy, og han vinn att sjela si.

Scooby-gjengen: som i førre sesong. Riley Finn reiser tidleg i sesongen.

Sesong 7[endre | endre wikiteksten]

Den eldste vondskapen slåst for å vinne over Buffy, som no samlar hjå seg alle dei potensielle jegerane ho kan finne. Saman dannar dei ein hær for å kjempe mot det vonde. Angel kjem til med eit middel til å vinne kampen, og kampen vert vunne i sameinte krefter mellom Willow, Spike, Buffy og dei andre, mellom dei Faith. Willow syter for at vampyrlina ikkje lenger er esla ei einskild jente, men alle jenter i verda, som har «gåva». I den avgjerande kampen går heile byen Sunnydale under, og scena for serien vert borte. Tv-serien slutta her.

Scooby-gjengen: som i førre sesong med unnatak av Tara som vart drepen. Gjengen vert utvida med alle dei potensielle jegerane som vinn full styrke i siste episode. Gjengen blir ein slagkraftig hær.

Sesong 8[endre | endre wikiteksten]

Finst berre som teikneserie. Buffy og dei andre held fram med å samle opp jegerar frå heile verda. Desse jegerane vert delte inn i ulike "squads" eller avdelingar som skal kjempe mot vampyrar i ulike land. Med tida får jegerhæren sterke krefter mot seg, leia av ein mystisk "twilight", som gjer kva han kan for at jegerhæren skal sjå ut som ei terroristgruppe som handlar mot lova. Det er og nokre moralske spørsmål ved korleis Buffy har utvikla seg som person. Giles har no oppsyn med Faith, som vaktar eit helveteshòl i Cleveland.

Teikneserien kommenterer og nyare vampyrtrendar, der vampyrane er framstilde meir og meir positivt, noko som set Buffy og jegerane hennar i eit dårleg lys.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!