Cleveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cleveland
Flag of Cleveland, Ohio.svg
Fakta
Delstat Ohio
County (fylke) Cuyahoga
Ordførar Frank G. Jackson (D)
Flatevidd 213,4 km²
Folketal 478 403 (2000)
Folketettleik innb./km²
Vevside http://www.city.cleveland.oh.us
Tidssone EST (UTC-5)
Geografi
Cleveland si plassering i USA


Cleveland er ein by i delstaten Ohio i USA. Byen ligg i det nordaustre Ohio, ved Eriesjøen. Cleveland er administrasjonssentrum i Cuyahoga County, og den nest største byen i Ohio med 478 403 innbyggarar (2000).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit Standard Oil-raffineri, 1899

Cleveland vart grunnlagt i 1796 ved utløpet av Cuyahoga-elva, etter at ei gruppe nybyggarar under leiing av Moses Cleaveland kjøpte landet av urfolket. Etter at Ohioelva vart forbunden med Eriesjøen med ein kanal i 1832 tok Cleveland til å vekse, då vart byen eit knutepunkt for trafikken mellom Dei store sjøane og Mississippielva.

Ohio vart etterkvart sentrum for ein stor koll- og stålindustri. John D. Rockefeller bygde opp formuen sin i Cleveland, og i 1920 var byen blitt til USAs femte største by.

Etter Andre verdskrigen følgde ein periode med velstand for Cleveland. På 1960-talet tok industrien til å få problem, og mange flytta ut av byen til forstadane. Det kom og til raseopptøyar i Cleveland i 1966 og 1968.

I 1978 greidde ikkje byen låna sine lenger, og vart med det den første store amerikanske byen sidan depresjonen som gjekk konkurs.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Det demokratiske partiet har alltid stått sterkt i Cleveland, og begge representantane i Representantenes hus er demokratar. John Kerry fekk fleirtalet av røystene i byen under presidentvalet i 2004.

Frank G. Jackson er borgarmeister i byen (2006). Borgarmeisteren har stor makt, og kan i stor grad handle utan å legge saker fram for bystyret. Cleveland var den første større byen i USA som hadde ein svart borgarmeister, Carl B. Stokes (1968-71).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Clevelands skyline

Cleveland har tradisjonelt vore eit sentrum for stålindustri og eksport. Plasseringa ved Eriesjøen og Cuyahogaelva har gjort byen til eit samferdsleknutepunkt. Dei siste åra har nedgangen i amerikansk industri ramma byen, men ein oppgang i servicenæringane har til ei viss grad kompensert for dette.

På 2000-talet har Cleveland satsa tungt på høgteknologi som forsking på brenselceller og bioteknologi. Dei mange universiteta i byen er ein viktig brikke i dette miljøet. Offentlege styresmakter har satsa mykje på å bygge ut ein moderne infrastruktur for telekommunikasjon for å tiltrekke seg nye selskap i høgteknologiske bransjar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Baseballstadionet Jacobs Field

Cleveland har tre profesjonelle toppidrettslag. Cleveland Indians speler i Major League Baseball, Cleveland Browns speler i National Football League og Cleveland Cavaliers speler i National Basketball Association.

Cleveland Orchestra er eit symfoniorkester som held til i Cleveland. Det er rekna som eitt av de fem store symfoniorkestra i USA.

Ein viktig turistattraksjon i Cleveland er Rockens æresgalleri. Eit anna viktig museum i byen er Cleveland Museum of Art.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cleveland