Bujnaksk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bujnaksk
Буйнакск
Plassering
Bujnaksk is located in Russland
Bujnaksk is located in Dagestan
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Dagestan
Grunnlagd
Bystatus
1834
1866
Borgarmeister Gussein Gamsatov
Geografi
Flatevidd
 - By

21 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

61 072
  2 908,2 /km²
Koordinatar 42°49′00″N 47°07′00″EKoordinatar: 42°49′00″N 47°07′00″E
Høgd over havet 490 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 36822x
Retningsnummer (tlf) (+7)87237

Bujnaksk (russisk Буйна́кск) er ein by i Republikken Dagestan i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved foten av Kaukasusfjella, rundt 35 km sørvest for Makhatsjkala.

Han vart grunnlagt i 1834 som festnings-utposten Temir-Khan-Sjura (russisk: Темир-Хан-Шура), nær ruinane av Balanjar frå mellomalderen. Han fekk bystatus i 1866. I 1920 var han senteret for den kortvarige Fjellrepublikken Nord-Kaukasus. 13. november 1920 erklærte den russiske regjeringa sjølvstyre til Dagestan under kongressen for dei dagestanske folka, som fann stad i Temir-Khan-Sjura. I 1922 vart bynamnet endra til Bujnaksk til ære for den revolusjonære Ullubij Bujnakskij.

I mai 1970 vart Bujnaksk sterkt råka av eit jordskjelv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]