Dagestan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Respublika Dagestan
   
Flag of Dagestan.svg Coat of Arms of Dagestan.svg
Flagg Våpen
Dagestan på kartet over Russland
Hovudstad Makhatsjkala
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering:52.

50 300 km²
0,4

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 22.

ca. 2 977 400[1] (2010)
ca. 59,2/km²

Føderalt distrikt Sørlege
Økonomisk region Nord-Kaukasus
Regionsnummer 05
Offisielt språk Russisk
President Magomedsalam Magomedalijevitsj Magomedov
Nasjonalsong Republikken Dagestans hymne
Tidssone UTC +0300
Kart over Dagestan.

Dagestan (russisk Республика Дагестан) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Makhatsjkala, arealet er 50 300 km² og innbyggjartalet 2 977 400 (2010). Dagestan ligg ved kysten av Kaspihavet, og grensar til Aserbajdsjan og Georgia i sør.

Dagestan har dei siste åra vore prega av uro som fylgje av krigen i naborepublikken i vest, Tsjetsjenia. I 1999 vart republikken invadert av opprørsstyrkar frå Tsjetsjenia som freista å oppretta ein islamsk stat i Dagestan. Opprørarane vart drivne ut etter regulære krigshandlingar med russiske styrkar. Dette vart starten på den andre krigen i Tsjetsjenia.

Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 112 terrorhandlingar i Dagestan, og desse førte til 68 dødsfall og minst 195 skadde personar. Fem av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane er Makhatsjkala (572 100 ibuarar), Khasavjurt (131 200), Derbent (119 200) og Kaspijsk (100 100).[1]

Dagestan er den mest etnisk samansette regionen i Russland, og ingen folkegrupper utgjer meir enn 30 % av folket. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:[1]

Dei fleste folkegruppene i Dagestan er tradisjonelt muslimar.

I motsetning til i Russland som heilskap går folketalet i Dagestan opp. Det auka med 30 % frå 1989 til 2005. Andelen etniske russarar vart om lag halvert i den same perioden, frå 9,2 % i 1989. I tida mellom folketeljingane i 2002 og 2010 var Dagestan det føderasjonssubjektet i Russland som hadde sterkast folkeauke, med 15,6 %. Samstundes hadde Dagestan lågast levestandard av alle federasjonssubjekta.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dagestan