Bull Bay på Anglesey
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bull Bay (walisisk Porth Llechog) er ein landsby på nordkysten av Anglesey i Wales. Det walisiske namnet Porth Llechog, tyder «verna bukt». Det engelske namnet kjem frå Pwll y Tarw («Oksevatnet»), som ligg nær bukta.
Landsbyen ligg langs A5025. Han er den nordlegaste landsbyen i Wales. Det ligg ein golfbane ved landsbyen som vart opna av ein lokal aristokrat i 1913. Øya East Mouse ligg i bukta med mange klipper og grotter langs kysten. Somme av desse klippene er over 570 millionar år gamle og nokre av dei eldste i Wales.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bull Bay på Anglesey» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2010.