Bunesfjorden

Koordinatar: 67°57′55″N 12°59′59″E / 67.96528°N 12.99972°E / 67.96528; 12.99972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°57′55″N 12°59′59″E / 67.96528°N 12.99972°E / 67.96528; 12.99972

Utsyn frå fjella oppom Reine. Bunesfjorden i midten.
Foto: Leif

Bunesfjorden er ein fjordarm av Kjerkfjorden i Moskenes kommune i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 1,8 km nordvestover, nesten parallelt til Kjerkfjorden.

Han har innløp mellom grenda Vindstad i vest og Engelsneset i aust. Det ligg fleire gardsbruk innover vestsida av fjorden og inn til Bunesfjord i botn av fjorden. Langs heile vestsida går det veg, men denne har ikkje samband til resten av kommunen. Fjorden ligg mellom fjella Bisplua (597 moh) i vest og Kammen (514 moh) i aust.