Lofoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reine i Lofoten
Hamnøy i Lofoten
Kart over Lofoten og Vesterålen i Noreg

Lofoten er ei øygruppe i Nordland fylke, som ligg nord for polarsirkelen på 67. og 68. breiddegrad. Øygruppa strekker seg langs nordsida av Vestfjorden frå Raftsundet i nordaust, til Skomvær utfor Røst i sørvest. Dei største øyane i Lofoten er frå nordaust Austvågøy (526,7 km²), Gimsøy (46,4 km²), Vestvågøy (411,1 km²), Flakstadøya (109,8 km²) og Moskenesøya (185,9 km²). I tillegg høyrer ein del mindre, til dels tett busette øyar som Store Molla, Skrova, Henningsvær, Værøy og Røstlandet til Lofoten. Nord for Lofoten ligg øygruppa Vesterålen.

Administrativt utgjer Lofoten eit tingrettsdistrikt som omfattar kommunane Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy og Røst. Sørvestspissen av Hinnøya høyrer som del av Vågan kommune såleis administrativt til Lofoten, medan den nordaustlege delen av Austvågøy høyrer til Hadsel kommune i Vesterålen. Lofoten prosti omfattar dei nemnde kommunane unntatt Værøy og Røst. Tingrettsdistriktet har eit samla flateinnhald på 1 226 km² med over 25 000 innbyggarar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lofoten er prega av eit alpint fjellandskap og lune viker der busetnaden held til. Bergrunnen her er blant den eldste i Noreg, der dei eldste bergartane er om lag to milliardar år gamle. Under istidene grov brear seg ned i berget og danna eit alpint landskap med djupe botnar skilde av skarpe kammar og spisse tindar. Høgste toppen i Lofoten er Higravstindan (1146 moh.) på Austvågøy. Også på Hinnøya og Moskenesøya finst det fjell over 1000 m. Øyane i Lofoten er skorne opp av smale fjordar og er åtskilde av til dels trange sund med strie tidvasstraumar, for eksempel Gimsøystraumen, Nappstraumen og Moskenesstraumen. Både fjordane og sunda går som regel nord–sør.

På avstand ser Lofotøyane ut som ei samanhengande fjellrekke, kalla Lofotveggen. Fjellparti, som utgjer det meste av øyane, er i større eller mindre grad omkransa av ein flat strandbrem, strandflata, og ligg det meste av busetnaden, særleg ut mot Vestfjorden. Busetnaden er stort sett samla i tettstader eller fiskevær. Eit unntak er Vestvågøy, der gode høve for jordbruk, også i de indre delane, har skapt grunnlag for ein meir spreidd busetnad. Kystklimaet i Lofoten gjer vintrane milde og somrane forholdsvis kjølige.[1]

Kommunar i Lofoten[endre | endre wikiteksten]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Sidan øyane først vart busett for omtrent 6 000 år sidan har fiske vore svært viktig, og er det framleis sjølv om turisme også har utvikla seg til ei viktig næring. Lofoten er vorte eit populært turistmål med vakker natur og fiskevær med rorbucamping, og øygruppa er vorte er eit ynda mål for cruise-båtar om sommaren. Kvart år kjem det meir enn 200 000 turistar til Lofoten.

I Lofoten finst ei rekke museum, mellom anna Lofotmuseet i Kabelvåg, Lofotakvariet og Norsk fiskeværsmuseum i Å der heile fiskeværet er bevart med komplette bygningar. På Borg i Vestvågøy ligg vikingmuseet Lofotr, ein rekonstruksjon av eit høvdingsete frå vikingtida.[1]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjonsmessig blir Lofoten delt i to. Værøy og Røst er i hovudsak knytte til Bodø, med båt- og helikopterrute dit. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved Stamsund og Svolvær. Frå Svolvær går det bilferje over Vestfjorden til Skutvik (fylkesveg 81) med vidare samband til E6. Mot Vesterålen er det ferje frå Fiskebøl til Melbu i Hadsel (E10). Landverts blir Lofoten knytt saman av Kong Olavs veg (E10) frå Å på Moskenesøya til Fiskebøl på Austvågøy. Ein ferjefri trasé for E10 frå Fiskebøl til Gullesfjordbotn i Kvæfjord opna i 2007. Lofoten er knytt til flynettet med kortbaneflyplassar ved Svolvær, Leknes og på Røst.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Lofoten er forsøkt forklart på fleire måtar. Den eine er at lo skulle vere frå gamalsvensk for gaupe og opphavleg vere namnet på Vestvågøya som med ein viss fantasi kan likne på ein gaupefot. Den andre fortolkinga er lo som i slette, dvs same tyding som lo i Oslo. Namnet skulle då tyde slette ved foten (av fjellet) og kan då stamme frå Buksnesområdet. Seinare er namnet brukt på heile området.

Bildegalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Lofoten». Store Norske Leksikon. Henta 28. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]