Burträsk

Koordinatar: 64°58′17.461″N 19°42′9.3816″E / 64.97151694°N 19.702606000°E / 64.97151694; 19.702606000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°58′17.461″N 19°42′9.3816″E / 64.97151694°N 19.702606000°E / 64.97151694; 19.702606000

Burträsks våpen

Burträsk er ein tettstad i Skellefteå kommun i Västerbottens län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 632 innbyggjarar og eit areal på 1,83 km².[1] Burträsk ligg cirka 38 kilometer sørvest for Skellefteå.

Burträsk var tidlegare eigen kommune, men blei slått saman med Skellefteå i samband med den svenske kommunereforma i 1974. Tettstaden Burträsk ligg ved innsjøen Burträsket. Staden har ein godt utbygd handels- og servicenæring. Foruten sjukeheim og skular er dei største arbeidsplassane Snidex snickeri og Norrmejerier der Västerbottensost blir produsert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska trur ein har kome til Burträskbygda rundt 6000-5000 f.Kr. Etter kvart som landet heva seg auka busetnadane, og rundt 1200- og 1300-talet blei truleg dei første faste busetnadane i området etablert. Ved skattlegginga til Gustav Vasa av Västerbotten i 1540 fanst det 67 bønder i Burträskbygda, av dette 22 på sjølve staden Burträsk.

På 1700-talet byrja øydemarka å koloniserast for alvor, då bønder fekk gratis jord av staten mot at dei dyrka den.

Kjende personar frå Burträsk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, Befolknings- og arealfakta frå SCB, oppdatert 11. Mars 2008