Wilhelm Peterson-Berger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Peterson-Berger

Olof Wilhelm Peterson-Berger, (27. februar 18673. desember 1942) var ein svensk komponist og musikkskribent frå Ullånger i Ångermanland.

Peterson-Berger er kanskje mest kjend for ei rekkje omtykte pianostykke i nasjonalromantisk stil (samlinga «Frösöblomster», med dei ofte spela «Vid Frösö kyrka» og «Sommarsång»). Han var framfor alt påverka av Edvard Grieg og Richard Wagner. Han komponerte fem symfoniar, mellom anna «Sunnanfärd» (nr 2) och «Same Ätnam» (nr 3). Peterson-Bergers fiolinkonsert er sett på som det beste av orkesterverka hans. Det har ofte vore sagt at han hadde sine manglar på dette området, men på den andre sida var han original og ukonvensjonell. Han var også operakomponist, mest kjend for Ran (1903) og Arnljot (1910), «den svenske nasjonaloperaen». Den sistnemnde vert enno i dag framført som taledrama med musikkinnslag på Arnljotlägden nær Peterson-Bergers heim SommarhagenFrösön i Jämtland. Ein kortare periode var han verksam som operaregissør. Han tonesette mange dikt av nordiske forfattarar, m.a. Erik Axel Karlfeldt (t.d. «Aspåkerspolska»). Peterson-Berger var òg ein skarp og omstridd musikkritikar i Dagens Nyheter i åra 1896-1930.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]