Buster Keaton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buster Keaton.

Buster Keaton, fødd Joseph Frank Keaton Jr., (4. oktober 18951. februar 1966) var ein populær stumfilmskodespelar og regissør frå USA. Han var kjend under tilnamnet «Stoneface» på grunn av det urørlege, men livfulle pokerfjeset sitt.

Keaton var fødd i Piqua i Kansas som barn av vaudevillestjernene Joe og Myra Keaton. Han fekk tilnamnet Buster då han deltok som barn i opptredenane til foreldra og blei kasta rundt.

Keaton forkledd med eit slips i ein av filmane sine.

Etter å ha delteke i første verdenskrig kom han til eit filmstudio i 1917 og laga sin første kortfilm, The Butcher Boy, instruert av Roscoe Arbuckle. Keaton lagde 15 kortfilmer for Arbuckle, men i 1920 laga han sin første spillefilm og i 1921 startet han selskapet - Buster Keaton Productions der han frå då av skreiv, instruerte og spilte i sine eigne filmar. Keaton sine filmar er prega av slapstick-komikk blanda med lett tragiske element av ein ung mann som ofte må gå gjennom mykje for å få jenta han elskar.

Som mange andre stumfilmstjerne klarte ikkje Keaton overgangen til lydfilm. Han hadde grov stemme og sleit med å sei replikkar. I 1959 mottok han en æresoscar for verket sitt. Han har òg fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame. Keaton døydde av lungekreft i Los Angeles i California.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buster Keaton
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk