Hollywood Walk of Fame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjerna til Michael Jackson

Hollywood Walk of Fame er fortaua langs gatene Hollywood Boulevard og Vine Street i Hollywood, skipa i 1958.

Fortauet er lagt med kvadratiske svarte brusteinar med rosa stjerner på. Stjernene fungerer som utmerkingar innan ulike underhaldningsbransjer. På kvar stjerne står namnet på personen som har blitt heidra og eit symbol som viser innan kva for bransje utmerkinga gjeld. Det finst fem ulike symbol:

  • Filmkamera for filmbransjen
  • Fjernsynsapparat for fjernsynsbransjen
  • Grammofonplate for musikkbransjen
  • Radiomikrofon for radiobransjen
  • Komedie-/tragediemaske for levande teater

Det finst i dag ca. 2 333 stjerner på Hollywood Walk of Fame. Den fyrste som fekk namnet på ein stjerne var skodespelaren Joanne Woodward, 9. februar 1960.

193 personar har fått meir enn éi stjerne, og ein person, Gene Autry, har fått heile fem stjerner, éi i kvar kategori. Fleire fiktive figurar har blitt heidra med ei stjerne; Mikke Mus, Hakke Hakkespett, Ole Brumm, Donald Duck, Snurre Sprett, Frosken Kermit, Hunden Lassie, C-3PO frå Star Wars, The Rugrats (Snørrunger på norsk), Simpsons og Snøkvit.

Kirsten Flagstad og Sonja Henie er dei einaste frå Noreg som har fått éi stjerne.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]