Byen Chihuahua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byen Chihuahua
Horisonten til Byen Chihuahua
Flagget til Byen Chihuahua Byvåpenet til Byen Chihuahua
Flagget til Byen Chihuahua Byvåpenet til Byen Chihuahua
Styresmakter
Delstat Chihuahua
Grunnlagd 1709
Geografi
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

825
  327/km²
Plassering
Plassering av  Byen Chihuahua

Chihuahua er hovudstaden i delstaten Chihuahua. Byen ligg den sentrale delen av delstaten og har eit folketal på 825 327. Chihuahua vart grunnlagd i 1709. Byen ligg rundt 1500 moh. der dei to elvane Chuviscar og Sacramento renn saman. Han ligg vest for Chihuahua-ørkenen, og har eit steppeklima.

Namnet «Chihuahua» er eldre enn den spanske erobringa av Mexico. Det skal koma frå tarahumaraspråket og kan tyda 'mellom to vatn' eller 'tørr sandete stad'.[1] Byen blei grunnlagd 12. oktober 1709 av dei spanske oppdagarane Blas Cano de los Rios og Antonio Deza y Ulloa som «El Real de Minas de San Francisco el Cuéllar» midtvegs mellom Río Bravo del Norte (elva Rio Grande) og gruvebyen Hidalgo del Parral. Han fekk bystatus i 1718 som «San Felipe el Real de Chihuahua», og namnet blei korta ned til «Chihuahua» i 1823.

Chihuahua blei teken av amerikanske styrker i 1846, under den meksikansk-amerikanske krigen. Under den franske invasjonen blei byen gjort til hovudstad av president Benito Juárez frå 1864 til 1867. Under presidentskapet til Porfirio Díaz voks byen kraftig og blei til ein av dei viktigaste i Mexico. Viktige bankar og rike familiar heldt til her. Under den meksikanske revolusjonen (1910–1917) var byen fleire gonger base for opprørsleiaren Pancho Villa.

Byen voks i løpet av 1900-talet, og drog nytte av plasseringa si nær grensa til USA. Hovudnæringa var hovudsakleg storfe og landbruksprodukt fram til utanlandske firma bygde fabrikkar her på 1970-talet. På 1990-talet hadde Chihuahua kraftig økonomisk vekst og blei den tredje rikaste kommunen (per innbyggjar), etter Benito Juárez i Mexico by og San Pedro Garza García i Nuevo León.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]