Storfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storfe

Status i verda: Husdyr

Cow Oostvaardersplassen.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Bovidae
Slekt: Bos
Vitskapleg namn
Bos taurus

Storfe (Bos taurus), også kalla kveg, tamfe og kyr etter namnet på hodyra, er drøvtyggande planteetarar som er viktige i landbruk verda over.

Alle storferaser stammar frå uroksen (Bos primigenius), som er utdøydd. Det latinske namnet viser til eit partåa hovdyr av oksefamilien. Hovene er delt, og blir kalla klover. Dyra har to klover og to biklover. Dei manglar fortenner i overkjeven, og har fire magar. De fire magane blir kalla vom, nettmage, bladmage og løypemage.

Storfehannen blir kalla okse eller stut. Hoa blir kalla kvige frå 1-årsalder til fyrste kalving, og deretter ku. Storfe går drektige i frå 267 til 300 døger. Avkommet deira blir kalla kalv fram til om lag 1 års alder.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]