César-prisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omar Sy fotografert under den 37. César-seremonien med César-prisen 2012 for beste skodespelar for rolla i filmen Intouchables (norsk tittel: De urørlige).

César-prisen, César du cinéma, er ein årleg fransk heiderspris som vart skipa i 1976 for dei beste profesjonelle filmproduksjonane. Prisen gjeld filmar som har hatt premiere mellom 1. januar og 31. desember i året forut for seremonien med prisutdelinga.

Prisen har namn etter den franske skulptøren med kunstnarnamnet César, César Baldaccini (1921-1998), som har forma den bronsestatuetten som vert delt ut til vinnarane.

César-prisen er ein fransk variant av Oscar-prisen, og slik Oskar-prisen er den viktigaste for dei profesjonelle filmproduksjonane i Sambandsstatane, er César-prisen den viktigaste for dei franske profesjonelle filmproduksjonane. Etter mønster av Oscar-prisen nominerast det i ulike kategoriar, og vinnarane i kvar av kategoriane vert honorert med kvar sin César-pris. Til å byrje med vart det berre delt ut César-prisar i 13 kategoriar, men etter kvart er talet på kategoriar kome opp i 22, med tillegg av 9 underkategoriar.

César-prisen vart skipa av Georges Cravenne (1914 - 2009, opphavleg namn Joseph Raoul Cohen). Han var ein fransk reklamemann og filmprodusent som tok initiativet til å etablere eit organ med namnet Académie des arts et techniques du cinéma (Akademiet for filmkunst og filmteknikk), som skulle ha til oppgåve å finne fram til og heidre med Cesar-prisen dei mest framifrå prestasjonane, produksjonane og det kunstnariske arbeidet i fransk film. César-prisen overtok etter den årlege franske filmprisen l'Étoile de Cristal (Krystallstjerna), som vart utdelt i perioden frå 1955 til 1975.

Oversyn over kategoriane[endre | endre wikiteksten]

  • César du meilleur film (César for beste film) – frå 1976
  • César du meilleur réalisateur ( César for beste iscenesettar) – frå 1976
  • César du meilleur acteur (César for beste mannlege skodespelar) – frå 1976
  • César de la meilleure actrice (César for beste kvinnelege skodespelar) – frå 1976
  • César du meilleur acteur dans un second rôle (César for beste mannlege birolle) – frå 1976
  • César de la meilleure actrice dans un second rôle ( César for beste kvinnelege birolle) – frå 1976
  • César du meilleur espoir masculin (César for mest lovande mannlege unge skodespelar) – frå 1983
  • César du meilleur espoir féminin ( César for mest lovande kvinnelege unge skodespelar) – frå 1983
  • César du meilleur scénario original ou adaptation (César for beste originalmanuskript eller tilrettelagt manuskript) – frå 1976 til 2006
    • César du meilleur scénario original (César for beste originalmanuskript) – frå 2006
    • César de la meilleure adaptation (César for beste tilrettelagt manuskript) – frå 2006
  • César des meilleurs décors (César for beste scenografi) – frå 1976
  • César des meilleurs costumes (César for dei beste kostyma) – frå 1985
  • César de la meilleure photographie (César for beste fotografering) – frå 1976
  • César du meilleur montage (César for beste klipping) – frå 1976
  • César du meilleur son (César for beste lyd) – frå 1976
  • César de la meilleure musique originale (César for beste originalmusikk) – frå 1976
  • César du meilleur premier film (César for beste debutfilm) – frå 2006
    • César de la meilleure première œuvre de fiction (César for beste debutspelefilm)- frå 1982 til 1999, og César de la meilleure première œuvre (César for beste debutverk) – frå 2000 til 2005
  • César du meilleur film d'animation (César for beste animasjonsfilm) – frå 2011
  • César du meilleur film documentaire (César for beste dokumentarfilm) – frå 2007
  • César du meilleur film étranger (César for beste utanlandske film) – frå 1976
    • César du meilleur film de l'Union européenne (César for beste film laga innanfor EU) – frå 2003 til 2006.
  • César du meilleur court-métrage (César for beste stuttfilm) – frå 1992
    • César du meilleur court-métrage d'animation (César for beste animasjons-stuttfilm) – frå 1977 til 1990
    • César du meilleur court-métrage documentaire (César for beste dokumentar-stuttfilm) – frå 1977 til 1991
  • César de la meilleure affiche (César for beste filmplakat) – frå 1986 til 1990
  • César du meilleur film publicitaire (César for beste reklamefilm) – frå 1985 til 1986

Særlege Césarprisar[endre | endre wikiteksten]

  • César d'honneur (Césars honnørpris) – frå 1976
  • César des Césars (honnørprisen César-prisanes César) – uregelmessige utdelingar, utdelt i 1985 og 1995
  • Prix Daniel Toscan du Plantier – frå 2008, denne prisen avløyste César du meilleur producteur (César for den beste filmprodusenten attom fransk film), 1996-1997

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsider for César-prisen/Académie des arts et techniques du cinéma.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.