C.J. Hambros plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oslo tinghus ligg på C.J. Hambros plass

C.J. Hambros plass er ein plass i sentrum av Oslo som fekk namnet i 1966 etter stortingspresident Carl Joachim Hambro. Før dette hadde plassen namnet Rosenkrantz’ plass. Plassen ligg i nordre enden av Rosenkrantz' gate, og dei andre gatene som ender i plassen er Kristian Augusts gate og Teatergata, medan Pilestredet krysser plassen i aust. Oslo tinghus frå 1996 ligg til plassen, som elles er omkransa av kontorbygningar og eit hotell.