Stortingspresident

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dag Terje Andersen var Stortingets president i perioden 2009-2013. Bilete frå 2010. Presidentbalkongen blir montert på Stortingsbygningen kvar 17. mai.
Foto: C. Hill

Stortingets president, gjerne kalla stortingspresidenten, er ein stortingsrepresentant som er valt til å leie arbeidet i Stortinget. Presidenten og fem visepresidentar utgjer Stortingets presidentskap, som legg Stortingets arbeidsplan, fastset dagsorden, fordeler saker og leiar stortingsmøta.