CAS-nummer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

CAS-nummer er eit identifiseringssystem for kjemiske sambindingar ved hjelp av unike talkombinasjonar. CAS er ei forkorting for «Chemical Abstracts Service» som er ei avdeling av «American Chemical Society», kjemilaget i USA.

Alle kjemikalie som er skildra i litteraturen blir tildelt eit nummer av CAS. Førebels er det tildelt over 20 millionar CAS-nummer og det kjem nye kvar dag. Sjølve nummeret har inga tyding anna enn som eit løpenummer som kan brukast for å gjera søk i kjemiske databasar lettare, sidan mange stoff har fleire namn. Ein kan bruke CAS-nummer som søkekriterium i dei fleste større kjemikaliedatabasane, og det er eit system som blir brukt internasjonalt.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Eit CAS-nummer er delt opp i tre talgrupper ved hjelp av bindestrekar. Den første gruppa kan ha opp til seks siffer, den andre har to, og den tredje er eit einsleg siffer som skal verka som kontrollsum. Denne blir rekna ut ved å ganga ut det siste sifferet med 1, det andre med 2, det tredje med 3 og så bortetter før ein legg alle desse saman og reduserer dei etter ein modul på 10. Til dømes har vatn CAS-nummeret 7732-18-5. Kontrollsummen blir rekna ut som (8×1 + 1×2 + 2×3 + 3×4 + 7×5 + 7×6) mod 10 = 105 mod 10 = 5.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • NIH: Finn eit CAS-nummer