Camp Academia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°38′41.9″S 60°10′18.3″W
Camp Academia
stasjon
none  Camp Academia with Wörner Gap and Bowles Ridge
Camp Academia with Wörner Gap and Bowles Ridge
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Livingston Island
 - koordinatar 62°38′41.9″S 60°10′18.3″W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart over Camp Academia-området
Kart over Camp Academia-området
Camp Academia is located in Antarktis
Camp Academia (Antarktis)

Camp Academia' (Lager Akademiya) er ein leir på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis, kalla opp etter Det bulgarske vitskapsakademiet som sette i gang den bulgarske forskinga i Antarktis. Leiren har vore i drift sidan sommaren 2004/05. Sidan 2004 har sommarpostkontoret her Tangra 1091 vore det sørlegaste postkontoret i det bulgarske postvesenet.

Camp Academia med Catalunyan Saddle
Postkontoret Tangra 1091

Camp Academia ligg i øvre Huronbreen i Wörner Gap-området, 541 meter over havet, nordvest for forberga av Zograf Peak, sentralt i Tangra Mountains. Staden har tilkomst via ei 11-12,5 km lang rute frå den bulgarske basen St. Kliment Ohridski og den spansk basee Juan Carlos I. Frå Camp Academia har ein tilkomst vidare til hovudfjella i Tangra Mountains i sør. Camp Academia var baseleir for den bulgarske landmålingsekspedisjonen Tangra 2004/05 frå 3. desember 2004 til 2. januar 2005.

Camp Academia ligg 3,6 km aust for Orpheus Gate, 5,5 km aust-søraust for Rezen Saddle, 3,2 km sør-søraust for Omurtag Pass, 4 km sørvest for Pirdop Gate, 1,68 km vest for Lozen Saddle, 7,1 km vest for Karnobat Pass og 2,68 km nord-nordvest for Catalunyan Saddle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • L.L. Ivanov, Livingston Island: Tangra Mountains, Komini Peak, west slope new rock route; Lyaskovets Peak, first ascent; Zograf Peak, first ascent; Vidin Heights, Melnik Peak, Melnik Ridge, first ascent, The American Alpine Journal , 2005, 312-315.
  • Livingston Island, Climb Magazine, Issue 14, Kettering, UK, April 2006, 89-91,
  • Ivanov, L.L. Bulgaria i Antarktis. Sør-Shetlandsøyane. Sofia: Manfred Wörner Foundation, 2009. 16 pp., with a folded map. ISBN 978-954-92032-7-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]