Livingston Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°36′S 60°30′W
Livingston Island
øy
none  Kart over Livingston Island i Antarktis
Kart over Livingston Island i Antarktis
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
stad Antarktis
 - koordinatar 62°36′S 60°30′W
Høgaste punkt Mt Friesland
 - høgd 1 700 moh
Lengd 73 km
Breidde 34 km
Areal 974 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Livingston Island is located in Antarktis
Livingston Island (Antarktis)

Livingston Island (tidlegare russisk Smolensk) er ei øy i Sør-Shetlandsøyane i Vest-Antarktis som ligg mellom Greenwich Island og Snow Island. Øya var kjend for selfangarar så tidleg som i 1819, og namnet Livingstone har vore i bruk sidan den gong. Ein kjenner ikkje til opphavet til namnet.

Renier Point
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bransfield Strait frå Livingston Island

Livingston ligg i Sørishavet 110 km nordvest for Cape Roquemaurel på det antarktiske fastlandet, 809 km sør-søraust for Kapp Horn i Sør-Amerika, 820 km søraust for Diego Ramirez Islands (det sørlegaste området i Sør-Amerika), 1000 km rett sør for Falklandsøyane, 1600 km sørvest of Sør-Georgia og 3000 km frå Sørpolen.

Øya er ein del av Sør-Shetlandsøyane, ei øygruppe som strekkjer seg over 500 km frå nordaust til sørvest. Sør-Shetlandsøyane dekkjer i alt 3687 km².

Mellom Livingston og Greenwich Island i aust ligg McFarlane Strait og mellom Livingstone og Snow Island i vest-sørvest ligg Morton Strait. Deceptionøya, ligg nesten 18 km sørvest for Barnard Point på Livingstone i Bransfield Strait.

Øya er 73 km lang frå Start Point i vest til Renier Point i aust, og breidda varierer mellom 5 km mellom South Bay og Hero Bay til 34 km mellom Botev Point i sør og Williams Point i nord med ei flatevidd på 798 km².[1] Det ligg mange holmar og skjer kring øya, særleg utanfor nordkysten. Av dei større småøyane finn ein Rugged Island utanfor Byers Peninsula, Half Moon Island i Moon Bay, Desolation Island i Hero Bay og Zed Islands i nord.

The Sphinx
Huronbreen & McFarlane Strait

Isklipper, som ofte har trekt seg attende dei siste tiåra og avdekte nye viker, strender og nes, utgjer det meste av kysten. Utanom enkelte område er øya nesten fullstendig dekt av is med fleire særs store bresprekkar, isdomar og platå i dei sentrale og vestlege delane, samt fleire bredalar mellom dei høgare fjella aust på Livingston. Typisk for glasiologien på øya er fleire iaugefallande oskelag som kjem frå vulkansk aktivitet på naboøya Deceptionøya.

Utanom den store Byers Peninsula (61 km²) som utgjer vestsida av Livingston, fin ein isfrie delar av øya i kystområda ved Cape Shirreff, Siddons Point, Hannah Point, Williams Point, Hurd Peninsula og Rozhen Peninsula, i tillegg til fjellsidene og ryggar og høgder aust på øya som er for bratte til at snøen legg seg. Dei største fjella er Tangra Mountains (30 km lang, med Mt Friesland på 1700 moh), Bowles Ridge (6,5 km, 822 moh), Vidin Heights (8 km, 604 moh), Burdick Ridge (773 moh), Melnik Ridge (696 moh) og Pliska Ridge (667 moh) aust på øya og Oryahovo Heights (6 km, 340 moh) og Dospey Heights (6 km, 265 moh).

Kysten av øya er forreven med viker som South Bay, False Bay, Moon Bay, Hero, Barclay, New Plymouth, Osogovo og Walker, og halvøyane Hurd (lengd 10 km), Rozhen (9 km), Burgas (10,5 km), Varna (12 km), Ioannes Paulus II (12,8 km) og Byers (15 km).

Vêret på øya er skiftande, vindfult, fuktig og skya. Snøstormar er vanlege og temperaturane varierer forholdsvis lite. Temperaturen går sjeldan over 3 °C om sommaren eller under −11 °C om vinteren.

Stad  Normaltemperatur: Varmast månad °C  Normaltemperatur: Kaldast månad °C  Årsmiddel °C  Årleg normalnedbør, hovudsakleg snø, mm
Livingston Island (kystområde)  1,3 ºC  −7 ºC  −2,7 ºC  800 mm

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gammal kvalbåt på Half Moon Island.

Det var først på 1800-talet at landområde i det som i dag er det politiske territoriet Antarktis og det var Livingston Island som vart oppdaga først av kaptein William Smith på det engelske handelsfartøyet «Williams», medan dei segla til Valparaiso i 1819. Han kom ut av kurs sør for Kapp Horn, og 19. februar såg han den nordaustlegaste delen av Livingston, Williams Point.

Catalunyan Saddle

Nokre månader seinare vitja Smith Sør-Shetlandsøyane på nytt og gjekk i land på King George Island den 16. oktober 1819 og gjorde krav på øya for Storbritannia. Samstundes hadde eit spansk fartøy forlist i dårleg vêr i Drakesundet og sokk utanfor nordkysten av Livingston i september 1819. Skipet «San Telmo» kommandert av kaptein Rosendo Porlier var flaggskipet til ein spansk skvadron. Meir enn 600 menn omkom då «San Telmo» sokk og vart dei første registrerte menneska som omkom i Antarktis. Utan overlevande vart delar av vrakgodset seinare funnen av selfangarar på Half Moon Beach ved Cape Shirreff.

I desember 1819 kom William Smith attende med skipet sitt til Sør-Shetlandsøyane. Denne gongen var han innleigd av kaptein William Shirreff, ein britisk offiser i Stillehavet stasjonert i Chile, og i lag med løytnant Edward Bransfield fekk han i oppdrag om å kartlegge det nye landområdet. Den 30. januar 1820 såg dei fjella på Den antarktiske halvøya og var ukjend med at kontinentet berre tre dagar tidlegare hadde vorte oppdaga av den russiske ekspedisjonen til Fabian Gottlieb Thaddeus von Bellingshausen og Mihail Lazarev.

Eit år seinare hadde russarane segla kring heile Antarktika og nådde fram til Sør-Shetlandsøyane i januar 1821 der dei fann over 50 amerikanske og engelske selskuter og 1000 mann som tok hundretusenvis av pelsselskinn. Medan dei segla mellom Deceptionøya og Livingston (kalla Smolensk av russarane) møtte Bellingshausen den amerikanske kapteinen Nathaniel Palmer, som var ein annan pioner i utforskinga av Antarktis som hevda å ha observert sjølve fastlandet november året før.

Zograf Peak

Restane av hyttar og lekamar frå selfangarane finst framleis på Livingston, der ein finn den nest største konsentrasjonen av historiske stader i Antarktis (etter Sør-Georgia). Namna på mange av dei geografiske detaljane på øya syner òg til den tidlege historia. Detaljane er ofte kalla opp etter kapteinar som amerikanarane Christopher Burdick, Charles Barnard, Robert Johnson, Donald MacKay, Robert Inott, David Leslie, Benjamin Brunow, Robert Macy, Prince Moores og William Napier, britane William Shirreff, M’Kean, John Walker, Ralph Bond, Christopher MacGregor, T. Binn og William Bowles, australiaren Richard Siddons, folk som skipseigaren James Byers, dei amerikanske kvalfangstreiarane William og Francis Rotch, hydrograf Thomas Hurd og John Miers, som kartla Sør-Shetlandsøyane basert på arbeidet til William Smith, eller selskuter som «Huron», «Williams», «Samuel», «Gleaner», «Huntress», «Charity», «Hannah», «Henry», «John», «Hero» og andre.

Somme av namna gjevne av selfangarane på 1800-talet er skildrande, som Devils Point, Hell Gates og Neck or Nothing Passage, farlege stader der skip og folk forsvann; Inept Cove, Needle Peak eller Robbery Beaches der amerikanske selfangarar fekk robba selskinna sine av britane.

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei første moderne busetnadene på øya etter selfangartida var den britiske basen Station P som opererte ved Hannah Point sommaren 1957/58. Permanente forskingsstasjonar er Juan Carlos I (Spania) og St. Kliment Ohridski (Bulgaria) som vart oppretta i 1988 i South Bay. Andre basar er den vesle Shirreff Base (eller Guillermo Mann, Chile og USA) ved Cape Shirreff sidan 1991, og sommarbasen Cámara (Argentina) på nærliggande Half Moon Island sidan 1953.

Verneområde[endre | endre wikiteksten]

Camp Academia

For å verne Antarktis vart Antarktistraktaten oppretta med eit strengt regime som regulerer aktivitetane i verdsdelen. I den samanhengen er det oppretta særskilde verneområde. To slike naturreservat finst på Livingston Island sidan 1966, på Byers Peninsula og Cape Shirreff.

Det er funne fossil på øya som har synt samband mellom Antarktis og andre australske kontinentet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Hannah Point

Turismen i Antarktisk starta i 1958 med Sør-Shetlandsøyane. Sidan den gong har turismen auka og over 95 % av turane vitjar Sør-Shetlandsøyane og den nærliggande Den antarktiske halvøya. Hannah Point på sørkysten av Livingston og Half Moon Island utanfor austkysten, samt den nærliggande Deceptionøya og Aitcho Islands nær Greenwich Island er av dei mest populære destinasjonane for cruiseskipa i området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4 (Second edition 2010, ISBN 978-954-92032-9-5)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Livingston Island