Camryn Rogers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camryn Rogers


Statsborgarskap Canada
Fødd 7. juni 1999 (24 år)
Richmond
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner

Camryn Rogers (fødd 7. juni 1999) er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i kulestøyt, diskoskast og sleggjekast. Ho vart verdsmeister i sleggjekast under VM i friidrett 2023 i Budapest.

Rogers deltok i 2021 i dei olympiske leikane i Tokyo, der ho med sine 74,35 meter kom på femteplass i sleggje-tevlinga. Våren 2022 vart ho nordamerikansk collegemeister i sleggjekasting, deretter vann ho sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Eugene med eit kast på 75,52 meter, Brooke Andersen frå USA sigra. Sidan kasta Rogers 74,08 m då ho gjekk til topps i samveldeleikane i Birmingham. I 2023 sette ho i mai personleg rekord i Los Angeles med 78,62 meter. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august smekka ho til med 77,22 m i fyrste omgangen og tok gullmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]