Carl Fredrik Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Fredrik Hill
Trädet och flodkröken III (Bois-le-Roi), 1877
Carl Fredrik Hill - Untitled - Google Art Project.jpg
Epletre i blomst, 1877

Carl Fredrik Hill (31. mai 184922. februar 1911) var ein svensk målar, ein av dei fremste landskapsmålarane i landet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hill var frå Lund, og son til ein akademikar. Etter studiar ved Konstakademien i Stockholm reiste han i 1873 til Paris. Der mål han intensivt i fire år, med mål om å få stille ut på Paris-salongen. Gong på gong vart han refusert, einast to av hans verk vart godtekne.

Hill måla i stendig høgre tempo, men byrja også å verte meir og meir psykisk ustabil. I februar 1878 vart han førd til eit sinnssjukehus, etter at grannar klaga over roping om nettene. Vener var på same tid overraska over dei nye bileta hans, obscøne motiv som einast var måla i parisarblått og kadmiumgult. På sjukehuset vart det konstatert at han leid av hallusinasjonar og paranoia. Sidan kom han til Lunds hospital. Etter han protesterte mot behandlinga på sjukehuset vart han pleia i heimen hos mora og ei syster i nesten 28 år, heilt til han døydde i 1911.

Hills kunst var lite kjend og påakta medan han levde. Fyrst då han var død kom merksemda mot alle dei verk han laga som frisk, med fleire framifrå måleri som syner Hill sin originalitet og uttrykkskraft. Mange av bileta hans er påverka av Camille Corot sin målarkunst. Dei seinare år har vorte utstilt også verk frå den perioden han var sjuk, teikningar, krit- og pastellmåleri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl Fredrik Hill

Kjelder[endre | endre wikiteksten]