Camille Corot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nadar: Foto av Camille Corot
Markusplassen i Venezia, 1835

Jean-Baptiste-Camille Corot, (26. juli 179622. februar 1875) var ein fransk landskapsmålar. Han var ein av dei fremste kunstnarane i krinsen som vart kjent som Barbizon-skulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Corot vart fødd i Paris i 1796. Familien hans høyrde til det høgre borgarskapet, faren hans var parykkmakar og mora motehandlar. Til skilnad frå fleire kunstnarkollegaer trong han aldri tenke på å tene pengar på kunsten sin. Han var sikra økonomisk, foreldra dreiv lønsame forretningar og gjorde investeringar som kasta endå meir pengar av seg. Etter foreldra hans gifta seg, kjøpte dei motehandelen der ho hadde jobba. Faren slutta som parykkmakar for å drive forretningar ved sidan av å drive motehandelen. Handelen var eit kjent mål for moteinteresserte parisarinner, som familien tente godt på.

Corot gjekk i lære hos ein tekstilhandlar, men han hata forretningslivet og kunne ikkje fordra det han kalla «seljarknep». Då han var 26 år gammal samtykte faren i hans ynskje om å verte kunstnar. Han byrja ganske snart med oljemåleri og måla helst landskap. Frå 1822 fekk Corot årleg 1 500 franc som finansierte det nye livet hans, med atelier, materialar og reiseverksemd for resten av livet. Han leigde omgåande eit atelier ved quai Voltaire.

På den tid Corot byrja sitt kunstnarliv, var landskapsmålinga på høgda og i hovudsak delt i to leirar. Den første var dominert av historiske landskap måla av nyklassisistar i Sør-Europa, denne representerte eit idealisert syn på ettertrakta område, folkesett med antikke, mytologiske og bibelske figurar. Den andre, som var meir vanleg i Nord-Europa, omfatta realistiske landskap og var stort sett trufast til faktisk topografi, arkitektur og flora, ofte med bønder og bondeliv. I begge tilfella byrja landskapskunstnarane vanlegvis med utandørsskisser og undermåling, og avslutta med dei siste lag innandørs. Dei engelske landskapskunstnarane John Constable og William Turner påverka mykje dei franske landskapsmålarane i det 19. hundreåret, dette styrkte tendensen mot realisme og vende interessa bort frå nyklassisismen.

Corot besøkte Italia ved tre høve, to av Roma-studiane hans heng i dag i Louvre. Han leverte årleg bilete til den statlege Parissalongen. Fleire av dei som tok etter målestilen hans kalla seg elevar av Corot. Dei mest kjende av desse er Camille Pissarro og Berthe Morisot.

Ville d'Avray, 1867
Kvinne med perle, 1869

I dei siste leveåra vart bileta hans svært etterspurde og selt for høge prisar. Sidan han i utgangspunktet var vel forsørgd, byrja han å gje vekk pengar. I 1871 gav han tilsvarande 2 000 engelske pund til dei fattige i Paris, som svalt under kringsetjinga under den fransk-prøyssiske krigen. Under Pariskommunen budde han i Arras. I 1872 gav han hus og livsopphald til Honoré Daumier, som hadde vorte blind, fattig og heimlaus. Då enka etter kunstnarkollegaen Millet vart sitjande att som eineforsørgjar, vart ho hjelpt med 10 000 franc, ein stor pengesum i 1875. Han støtta også eit dagsenter for fattige barn med pengemidlar.

Corot vart tildelt Æreslegionen med kross i 1846 og forfremja til offiser i 1867. Han er gravlagt på kyrkjegarden Père Lachaise.

Corots kunst[endre | endre wikiteksten]

Corot arbeidde i den realistiske og romantiske sjangeren. Av dei målarane som høyrde til Barbizon-skulen var Corot sin kunst meir individuell og mindre tradisjonell enn Théodore Rousseau sin, og meir poetisk enn Charles-François Daubigny, som var Corots største samtidige konkurrent. Den fjerde i denne gruppa var Jean-François Millet.

Kunsthistorikarar deler arbeida hans i to periodar, men skiljelina er uklar då han ofte fullførte eit bilete fleire år etter at han byrja det. I hans tidlege periode måla han tradisjonelt og «stramt», med detaljert nøyaktigheit, klare omriss, og med absolutt teikning av motiva. Etter at han hadde passert 50 år endra metodane hans seg klart. Frå omkring 1865, vart målemåten hans full av mystikk og poesi. I sine siste ti år var han mykje avhalden og rekna for ein av dei fem-seks største landskapsmålarane nokon gong, saman med Hobbema, Lorrain, Turner og Constable.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Camille Corot

Kjelder[endre | endre wikiteksten]