Carl Zeiss AG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Zeiss Oberkochen (2008)

Carl Zeiss AG er eit føretak i Tyskland som lagar optiske system, industrielle måleinstrument og legeutstyr. Det vart grunnlagd i Jena i 1846 av Carl Zeiss, Ernst Abbe og Otto Schott. Det finst i dag to delar av selskapet, Carl Zeiss AG i Oberkochen med viktige dotterselskap i Aalen, Göttingen og München, og Carl Zeiss GmbH som ligg i Jena. Det er den største produsenten av optisk utstyr i verda.

Carl Zeiss er det største føretaket i Zeiss Gruppe, ein av to store avdelinga av Carl-Zeiss-Stiftung. Zeiss Gruppe ligg i Heidenheim og Jena.

Ein annan avdeling av Carl Zeiss-Stiftung er glasfabrikantane Schott AG og Jenaer Glaswerk som ligg i Mainz og Jena.

Carl Zeiss er ein av dei eldste eksisterande føretaka for optiske instrument i verda.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Kamera[endre | endre wikiteksten]

Zeiss Ikon[endre | endre wikiteksten]

Zeiss Ikon Rangefinder w35mm f2.JPG

Det tradisjonsrike namnet Zeiss Ikon atteroppstod då Zeiss introduserte nye Zeiss Ikon i 2004. Dette er eit kamera i klasse med Leica og nyttar òg den same objektivfatninga, Leica M-fatning . Zeiss Ikon er produsert i Japan av Cosina.

Optikk[endre | endre wikiteksten]

ZM-objektiv[endre | endre wikiteksten]

ZM er objektiv med Leica M-fatning til det nye Zeiss Ikon-kameraet. (Eller, Zeiss Ikon er eit kamera til dei nye ZM-objektiva.) Dei passar òg til andre kamerahus med M-fatning, til dømes Konica Hexar, Cosina Voigtländer Bessa R, Rollei 35RF og Epson R-D. Somme av objektiva vert laga i Tyskland av Carl Zeiss, dei andre i Japan av Cosina.

  • Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 15 mm
    (Laga i Tyskland)
  • Carl Zeiss Distagon T✻ 1:4.0 18 mm
  • Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 21 mm
  • Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:4.5 21 mm
    ("C" står for "compact")
  • Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 25 mm
  • Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 28 mm
  • Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.0 35 mm
  • Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:2.8 35 mm
    ("C" for "compact")
  • Carl Zeiss C Sonnar T✻ 1:1.5 50 mm
    ("C" for "compact" og "classic")
  • Carl Zeiss Planar T✻ 1:2.0 50 mm
  • Carl Zeiss Tele-Tessar T✻ 1:4.0 85 mm
  • Carl Zeiss Sonnar T✻ 1:2.0 85 mm
    (Laga i Tyskland)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zeiss