Carrauntoohil
| Carrauntoohil | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 1 038 moh |
| Ligg i/på | Kerry i |
| Fjellkjede | Macgillycuddy's Reeks |
| Primærfaktor | 1 038 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Carrauntoohil (irsk Corrán Tuathail), òg stava Carrantuohill, er eit fjell i County Kerry i Republikken Irland og det høgaste fjellet på Irland. Det er 1 038 meter over havet[1] og den sentrale toppen i fjellkjeda Macgillycuddy's Reeks. Det er to andre toppar i denne kjeda over 1 000 meter (Beenkeragh, 1 010 m og Caher, 1 001 m). På toppen av fjellet står ein 5 meter høgt metallkross.
Namnet Carrauntoohil kjem frå det irske Corrán Tuathail, som tyder «Sigden til Tuathal»[2].
Fjellet vert stort sett klatra frå nordaust, langs Hagsskaret til passet mellom Carrauntoohil og Cnoc na Péiste, og så nordvest opp den bratte Devil's Ladder. Ruta har vorte farlegare dei siste åra på grunn av lause steinar og mykje folk.[3]. Ein treng ikkje klatreustyr for å nå toppen, men vêret kan vere veldig skiftande og på grunn av fleire for dårleg kledde turistar har det vore fleire dødsfall.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Det høgaste fjellet på Irland. Vitja 20. august 2007.
- ↑ Carrauntoohil. Vitja 3. november 2006.
- ↑ Devil's Ladder Route. Vitja 10. januar 2007.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Carrauntoohil frå Engelsk Wikipedia .