Carta marina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carta marina, kart over Norden

Carta marina, er rekna å vera det tidlegaste nokolunde rette kartet over landa i Norden. Veggkartet har ei høgd på kring 1,70 meter og ei breidd på kring 1,25 m. Kartet vart teikna av den svenske naturforskaren Olaus Magnus i kring tolv år fram mot 1539. Han teikna kartet på sitt kontor i Venezia. Kartet inneheld detaljar og namn. Det er prøvd å illustrera folk og natur i ulike delar av Norden. Ein kan merka seg at i Nordsjøen og andre hav er det teikna inn kraker og andre farar som sjøfarande kunne møta på. Det finst berre eitt tidlegare kart av Skandinavia (Skandia eller Schondia), teikna av Jakob Ziegler. Andre kart finst, men det er uvisst om dei er ekte mellomalderkart. Kring 1574 forsvann Carta marina utan spor. Lenge vart kartet rekna som tapt. I 1886 vart kartet funne att på Hof- und Staatsbiliothek i München av Oscar Brenner, der er kartet framleis. I 1961 vart ein anna kopi funnen i Sveits. Uppsala Universitet fekk tak i kartet året etter. Dette kartet er lagra på Carolina Rediviva i Uppsala

På kartet er grensene til Noreg og Danmark ikkje heilt rett teikna, men kartet er rekna som det mest nøyaktige kartet over Norden og Skandinavia frå mellomalderen.

Namnet Carta marina kjem av omtalen på latin: Carta marina et Descriptio septemtrionalium terrarum ac mirabilium rerum in eis contentarum, diligentissime elaborata Annon Domini 1539 Veneciis liberalitate Reverendissimi Domini Ieronimi Quirini

Omsett: Eit sjøkart med skildring av dei nordiske landa og minneverdige ting der. Nøyaktig og utførleg nedteikna i Venezia i året 1539 med generøs hjelp av den ærverdige Herren og patriarken Hieronymus Quirini.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]