Casomorfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Casomorfin er ein peptidsekvens som finst i mjølkeproteinet kasein, og som kan verke avhengeskapande på menneske og gi opiateffekt.

Alle protein er kjeder av aminosyre. I mennesket sitt fordøyingssystem bli desse proteina delt opp i små sekvensar av aminosyrer (peptid). Når kasein blir brote ned på denne måten, er casomorfin noko av desse sekvensane som blir til. Peptida har evna til å passere gjennom blodet til hjernen, der dei kan binde seg til reseptorar i hjernen. Effekten kan samanliknast med endorfin og liknande peptid.

Den finst fleire forskjellige casomorfin, som alle er opioide peptid. Dei blir danna når kasein frå kumjølk blir melta. Dei blir vanlegvis brotne ned til aminosyrer av meltingsenzym, men i nokre individ blir dei verande. Dei blir samla opp i kroppen over tid og kan føre til peptidforgifting. Dette er særleg ofte rapportert hos pasientar med ADHD, autisme, schizofreni og depresjon.

Det er ganske vanleg med abstinens når pasienten sluttar med mjølkeprodukt, og i større grad enn tilfellet er med gluten-peptid (gluteneksorfin og gliadorfin).