Chris Hani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Chris Hani (28. juni 194210. april 1993), opphavleg Martin Thembisile Hani, var ein sørafrikansk politikar og apartheidmostandar som blei drepen i 1993. Hani var leiar av Det sør-afrikanske kommunistpartiet SACP etter Joe Slovo. Han leidde au ei tid Umkhonto we Sizwe, 'Spydet til Nasjonen', den væpna greina til Den afrikanske nasjonalkongressen, ANC.

Chris Hani var ein ihuga motstandar av det kvite apartheidstyret, og blei somtid sett på som ein populistisk rival til leiarane i ANC. Han er blitt stemt inn som nummer 20 på ei liste over dei 100 mest framståande sørafrikanarane nokon gong. Han blei drepen den 10. april 1993 utanfor heimen sin i Dawn Park i Boksburg. To kvite ekstremistar blei dømde for drapet.

I 1997 blei Baragwanath Hospital, eit av dei største sjukehusa i verda, omdøypt til Chris Hani Baragwanath Hospital, til minne om Chris Hani.